Krydderkake
150 gr. smør
6 dl. kveitemjøl
4 dl. sukker
2 ts. kanel
2 ts. ingefær
1 ts. malt nellik
1 ts. natron
3 dl. mjølk, sur eller søt
Smelt smøret, og avkjøl det. Bland alt det tørre i ei skål. Hell mjølka i det avkjølte smøret, og bland det deretter med det tørre. Rør det godt saman, og hell røra i ei smurt form.
Steik kaka på 175⁰C i ca. 70 min. på nederste rille.