Lesarinnlegg om ny bok: Huglo Båtbyggjeri si historie

Huglo Båtbyggjeri
Nordhuglo Båtbyggjeri si historie
er no komen i bokform. Denne bedrifta , som vart starta i 1945, var blant dei nyaste av dei mange små skipsvefta som var verksame i vårt distrikt, ja langs heile kysten, så lenge det var aktuelt å byggja fiskebåtar (opp til 70 fot) i tre. Men i motsetnad til mange andre av desse verfta, som etterkvart vart nedlagde, om dei ikkje gjekk over til stålbygg, markerte Nordhuglo Båtbyggjeri seg med å ta til å laga mindre båtar i plast. Det gjorde dei ved i å byrja med å støypa overbygga i plast i førstninga (frå 1968). Karakteristisk for dei nye ”Huglokryssarane” vart då at dei fekk eit tradisjonelt kryssarskrog (25 fot) i tre, med overbygg i plast. Seinare kom ”Hugla-sjarken” (frå 1971), ein litt større båt (27 fot), denne med skrog i glasfiberarmert plast. ”Marine Joy” og ”Fishing Joy” var type-namna, og verftet leverte mange av denne båten i åra mellom 1971 og 1981. Dei fleste gjekk til kundar rundt i distriktet, som brukte dei til fiske, men òg som fritidsbåtar.
Nordhuglo Båtbyggjeri hadde på det meste 14 mann i arbeid (medrekna eigarane), og det spela ei viktig rolle i arbeidslivet på Huglo i desse åra, særleg fram til 1971, då ”plastalderen” for alvor tok til. Ernst Arne Sælevik har gjort eit svært grundig og godt arbeid med å få fram i lyset denne historia; og ein tidkrevjande ”hobby” må det ha vore, for han forlet ikkje båtane idet dei forlet beddingen. Når det gjeld dei dei eldste av motorbåtane, dei ti større fiskeskøytene og dei åtte Huglokryssarane verftet på Nordhuglo bygde, følgjer han lagnaden til kvar og ein av dei, så langt det let seg gjera. Særleg gjev boka stor plass til fiskeskøytene. Gjennom mange flotte illustrasjonar, skildringar av eigarane og det dei fortel om båtane sine og om livet ombord, får me eit levande bilete av fiske og frakt langs kysten i ei tid som no er forbi. Dette er også viktig kulturhistorie, og eit flott tilskot til Huglo si lokalhistorie.
Sigrun Røssbø