Etter ei lang tid med lite nytt i “mat-tips” spalta kjem det no noko nytt og spennande. huglo.no er så heldige at me kjenner ein svært dyktig “hobby kokk” og bloggar som vil dele oppskriftene sine med oss. Har du lyst på ein sunn og god middag (laga frå grunnen av!) vil desse oppskriftene passa deg perfekt.
Spinatlasagne
Kvit saus
5 dl mjølk
1,5 dl mjølk + 3 ss speltmjøl (vanleg mjøl)
1 pk parmesanost (40g) på rema 1000
litt reven kvitost
Kjøtt/spinat-fyll
400g kyllingkjøttdeig
450g frosen spinat
1/2 raudlauk
2 fedd kvitlauk
1 lita boks hermetiske champignon
1 reven gulrot
Eit par lasagneplater
Ost til toppen
Framgangsmåte
Her er det lurt å “parallell”-laga maten. Saus i ei gryte og fyllet i ei anna. Då går detta unna i ei fei :)
Saus
Kok opp mjølka. Rist saman mjølk+mjøl og rør godt inn. småkok i 5 minutt. hiv ost oppi.
Fyll
Steik kjøttdeigen. Sil av overfløding væska av den opptinte spinaten. Hiv resten oppi.
Opplegginga
Smør ei form. Byrja med ostesaus, so fyll og so plater. gjenta heilt til toppen då avslutte ein med ostesausen og dekk over med ost.
Steik på 200 grader i omtrent 35 minutt midt i omnen.
Finn fleire gode oppstrifter på Mari sin eigen blogg, utan mat og drikke duger helten ikkje.