Solfrid Laupsa (47 år) og Ole Ronny Teigen (44 år) er ikkje heilt nye på Huglo, dei kom i januar i år. Men no har dei budd her så lenge at dei kjenner seg heime, dei seier dei stortrivast og er takksame for at dei har vorte så godt teke imot av dei “gamle” huglarane. Folk er blide og hjelpsome, meiner Solfrid og Ole Ronny. (Skulle berre mangle, me ynskjer dei velkomne som eit fint innslag på øyo vår!) Dei har med seg både katt og kanin og tre store akvariar med spanande fiskar! Ole Ronny får sendt nye fiskar med ferja, godt emballert for at dei skal koma glade og levande fram – han har fått kommentar fra ferjemannskapet om han er så sær at han berre et levande fisk? huglo.no kan bevitna at fiskane ikkje vert til mat – sjå biletet.
Ole Ronny har ein son på 21 år, Solfrid har 3 vaksne barn og 2 barnebarn som óg trivast på Huglo. Dei fann Huglo i ei “Hus til leige” annonse i bladet Sunnhordland, og dette var midt i blinken, dei er begge frå bygdamiljø og trivst ikkje i by. Her vil dei halda fram med å bu! Her kan dei ha dyr og driva med det dei likar best: Hagearbeide, Solfrid strikkar (og tek imot bestillingar!), Ole Ronny likar å teikna og mala og arbeida med nevane. Og så får han fysisk trening når han ausar trebåten som no nesten ikkje lek lenger!
Velkommen som huglarar, Solfrid og Ole Ronny!
Veldig kjekk og flott omtale av våre nærmeste naboer.Kjempefint at det begynner å bli lys og varme i husene som har stått tomme. Håper på flere nye naboer både på Nord og Sørhuglo.Hus har best av at det bor folk i dem! Velkommen til Solfrid og OleRonny.
Hilsen fra deres nærmeste nabo på “Nordli”,Reidun og Willy.