Nok ein stemninigsrapport i frå kjempesuksessen Huglamessa 2010! Berre gode ord å høyra frå både utstillarane og dei besøkande. “The best Huglamessa ever,” sa Njål Rune Sortland. Før klokka var tolv, var skuleplassen full av bilar, og inne på messa var salget allereie godt i gang. Ikkje godt å seia kor mange som var innom i løpet av dagen, men gymnastikksalen var heilt full.
Det var veldig kjekt å sjå kor mange som hadde teke seg tid til å gå på messa på ein laurdag med fint “arbeidsver”. Det var mange huglarar, huglavenner, folk tilhøyrande i hyttene, og også mange ukjende andlet i gymsalen. Det var heilt fullt rundt alle cafe borda, og arrangørane, damene i Huglo Bygdekvinnelag, hadde laga masse god mat for salg. Sidan det er havrens år i år, var det Havre som var tema på messa i år. Det var kjempefint pynta, både ved inngangen, i sjølve salen og på borda.
Bak ein kvar happening på Huglo er det eit stort arbeid som blir gjort. Huglamessa blir arrangert annan kvart år av Huglo Bygdekvinnelag. Mange timar med planlegging både av lokale, cafedrifta og tilrettelegging for utstillarane. Det er ikkje så mange damer i Huglo Bygdekvinnelag, men med god erfaring frå diverse andre tilstellingar dei har laga til, går det veldigt bra. Halv ti på laurdagen var dei på plass for å bera bord og stolar og pynta.
Det er og mykje som må gjerast på kjøkenet. I år vart det koka havregrynsgraut, heile tre store panner. Mange liter vaffelrøre blei steikt til deilige vafflar, og det måtte smørjast på havrerundstykka, som også var heimalaga. I tillegg var det havremuffins og havrebar,alt heimelaga. Saft blei blanda og mange liter kaffi blei kokt. Alt på kjøkenet skjer i god dugnadsånd ;-)
Etter eit særs vellykka arrangemang, er det enda nokre timar med rydding og vasking som gjenstår før ein kan låsa døra og gå heim. Det er to år til neste gang, så synest du det såg kjekt ut, er det berre å begynna å produsera og melda seg på når det kjem lappe i posten!
Det var mange fine bilete og ord som høvde til.