Omnsteikt breiflabb

Han ser fæl ut. men smakar kongeleg!

Helst bør ein fiska breiflabben sjølv, kiloprisen i butikk kan samanliknas med okse indrefilé.  Men då må ein ha eit trollgarn helst, det er ikkje lett å få latsabben breiflabb på snøre, der han ligg heilt stille på botnen med sin eigen fiskestang foran gapet sitt.  Men er ein så heldig å ha fått tak i flabben, uansett kor, er det ein kongeleg spise som fortene litt arbeide og gode vener rundt hyggeleg bord.  Prøv denne

Han ser fæl ut, men smakar kongeleg!
Han ser fæl ut. men smakar kongeleg!

oppskrifta, bekrekna på 4 glade fiskespisare:

600-800 gram filé, heilt fri for skinn og hinner, spekeskinke, frisk timian, sitron, litt smør.  Til saus:  Fiskekraft, fløyte, litt kvitvin eller sitronsaft, litt maizenamjøl eller kveitemjøl.

Legg frisk timian (eller basilikum, eller persille) på den heile fiskehalen, drypp på sitronsaft, pakk fileten inn i spekeskinke (eller mager bacon), fest evt med tannpirkare av tre.  Salt skulle ikkje vera nødvendig av di skinka er salt.

Legg fisken i eit  eldfast fat smurt med smør, og kanskje eit par smørklattar oppå spekeskinka.  Temperatur 250 grader i kanskje 15 minuttar – fisken skal berre såvidt gjennomsteikast.  Kok opp ingrediensane til saus minus sitronsaft, ha i litt fiskebuljong dersom smaken er for vassen, ha i litt jamning, pass på at evt kveitemjøl får koka lenge nok til at mjølsmaken er borte.  Smak til med sitronsaft. 

Til denne retten høver det bra med cherrytomatar og kokte grøne bøner, og prøv med ris i staden for kokte potetar.  Nam!!