Varden opp

Lørdag 1. august arrangerer Huglo Idrettslag det tradisjonelle Varden opp, både for sprintarar og mosjonistar og dei som berre vil gå tur.  Start utafor Huglabutikken kl 12.00. Startkontingent kr. 100. Premiar til dei raskaste og til alle som deltek. Heia, heia!! Biletet er frå juli 2019.  Då var det så varmt at arrangementet vart “Berrføtevegen…

Detaljar

Dagens hjartesukk

Det store sukket kjem frå Båtlaget:  Dei betalande medlemmene får ikkje parkert bilen sin når dei skal på sjøen, parkeringsplassen er for populær.  huglo.no er gjort kjent med at det er Båtlaget som eig grunnen til parkering.  Ettersom parkeringsplassen er laga for medlemmer av Båtlaget, hadde det vel vore greit med eit skilt som opplyste…

Detaljar

Huglabutikken arrangerer !!

Søndag 26.d.m. (førstkomande søndag) kan du få søndagsmiddagen på kaien utafor butikken frå kl. 14.00.  I forbinding med søndagsopen butikk vert det grilling av hamburgare og pølser, og i butikken kan du kjøpa brus pg is. Rustne menn frå Uskedalen spelar frå ca kl 15.00. Ta gjerne med stol! Velkommen! Biletet er frå juli 2018.

Detaljar

Auksjon med proff auksjonarius

Det vert auksjon på Lunde-tunet på Nordhuglo lørdag 11. juli frå kl. 12.  Synfaring av det som bys fram frå kl 10. Lundetunet:  Opp bakken frå ferja, på toppen svingar du til venstre. Heile huset og naustet skal tømast!  Her vert det auksjonert bort møblar og innbo, verktøy og reidskap, ved, kappsag og vedkløyvar for…

Detaljar

Ferjeproblem – igjen

Denne laurdagen vakna huglarane – og og alle andre som var på øyo – til beskjed frå fjord1 at ferjesambandet Jektevik – Hodnanes – Huglo var “innstilt inntil vidare”.  Klokka 13.30 kom det ei ny melding om at det kom skyssbåt, med avgang frå Jektevik kl. 12.10, som skulle vera erstatning for ferja, på ubestemt…

Detaljar

Biletsal og vaflar i Omshuset

Laurdag 4. juli, frå klokka 12, sel Eline bilete frå eit dødsbo i omnshuset. Utvalet er sers variert, noko for einkvar smak, nokre reproduksjonar av kjente kunstnarar, og bilete med forskjellige motiv til å pynta opp ein vegg som manglar noko. Rimelege prisar, betaling med VIPS eller kontantar. Og mens du vandrar rundt og ser…

Detaljar

Temperaturane

Siste dag med fin sommer for denne gang? Huglavikjo vanntemperatur: 20,5 grader Tveitevågen:  varierande samstundes frå 19 til 21,5 grader Gåsholmen lagunen: 22 grader Så kom styrtregnet kl 15.40, men ennå er det 24 grader i lufta, så det er håp om fleire varme timar.

Detaljar

“Ditta lika me!”

Dette må me vel kunne kalle eit gjennombrot?! Fleire ferjer skal erstattast av tunnelar og bruer, dette vart vedtatt på stortinget torsdag 11.juni. Ny avtale fastsett 10 prosjekt som er aktuelle for ordninga, ifølge kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget. Det er svært gledeleg at Huglo er med på denne lista! Hidra landfast (Agder) Masfjordbrua (Vestland) Ytre…

Detaljar

Generalforsamling i Huglabutikken A/S

  Huglabutikken A/S hadde generalforsamling laurdag.  Til ein generalforsamling høyrer det både årsmelding, reknskap og valg av styremedlemmer. Butikken vår er liten, men særs oppegåande!  Sjølvsagt får den støtte:  i 2019 kr. 50.000 i utviklingsstøtte (og da må butikken kunne visa til konkret utvikling frå forrige år) og kr. 100.000 i servicestøtte av di den…

Detaljar