Kantklypping
Siste veka i august kjem Statens Vegvesen for å klyppe kantar langs vegen på Huglo. Dei som har straumgjerde eller andre hindringar nærare enn to meter frå vegen bes flytte dette, slik at dei kjem lettare til med maskinane.
DetaljarSiste veka i august kjem Statens Vegvesen for å klyppe kantar langs vegen på Huglo. Dei som har straumgjerde eller andre hindringar nærare enn to meter frå vegen bes flytte dette, slik at dei kjem lettare til med maskinane.
DetaljarKlenge-manet: Slik kan han sjå ut Las du Sunnhordland onsdag 31. juli, om sjeldan brannmanet funne både på Sæbøstranda og i Dagfinnsvikjo? Fredag fann huglo.no sin korrespondent noko som likna i taren på Konvallholmen utanfor Hugla-vikjo, faktisk 4-5 eksemplarar.. Forskar Tone Falkenhaug ved Havforskningsinstituttet stadfest at dette antakeleg er den særs ubehagelege klengehydroiden, som ein…
DetaljarHuglabutikken lyste ut konkurranse om å designa årets Huglo-t-skjorte. Vinnaren av konkurransen var Jon Rudi som har designa denne fine t-skjorta. Den kan kjøpast på butikken for 200 kr stykk i både voksen- og barnestørrelse. Løp og kjøp!
Sjølv etter ein dag med regn og 16 grader, held sjøen i Huglavikjo 17,2 grader – ned frå 18 grader på det varmaste. Då var det 21 grader inne i lagunen på Gåsholmane, og 19 grader på utsida. Av erfaring veit me at det til vanleg er ca. 2 grader varmare i Tveitevågen enn i…
DetaljarSom vanleg var kakene mange og gode, og kafégjestene mange og blide då Varden opp og sommerkafé vart arrangert på kaia etter den amputerte Varden opp. Kaffe, kaker og drøs er aldri feil, sjølv om termoteret viser 30 grader. Så venta det is og kake! Ekstra trekkplaster denne gangen var auksjon! Øyvind gjorde ein heilt…
DetaljarKlokt nok blei det, i denne varmen, ikkje Varden opp i år, men Berrføttevegen frå kaien til steinbrottet og tilbake. Start og innkomst var på kaien, der folk kunne heie både ved start og innkomst – der ein god, kald dusj venta dei 10 sveitte løparane etter den vel 3km lange turen. Are vann herreklassen…
DetaljarLørdag 27. juli vert det “Varden opp” i regi av Huglo Idretttslag. Løpet startar ved butikken klokka 11.30, med ein startkontigent på 100,- kr. Det vert fine premiar til dei raskaste! Vonar mange vil springe eller gå! – Huglo Idrettslag (HIL) Samstundes har Huglo Bygdekvinnelag kafé på kaien, og auksjon av diverse gjenstandar. Velkommen til alle!!
DetaljarPå grunn av dårlege værmeldinger vert denne kaféen utsett ei veke. Huglo Bygdekvinnelag seier difor velkommen til kafé på kaien på Nordhuglo neste lørdag, 27. juli. Kaféen startar kl. 12. Kl. 12.30 vert det auksjon av diverse spanande ting.
DetaljarFyrstkomande søndag, 21. juli, vert det sommargudsteneste i Huglo bedehuskapell kl. 15.00 (!!) Prest: Egil Larsen. Enkel kyrjekaffi. Velkommen!
DetaljarTekst: Wenche Taranger Melodi: Kjærlighetsvisa Uroppført på Kaidagen 13. juli 2019
DetaljarKva som trakk mest, underhaldninga av butikkpersonalet eller det strålande veret eller dei nydelege kakene? – i alle fall må det ha vore ny rekord i frammøte denne dagen. Innpå 200 menneske, store og små, med og utan hund, var samla på kaien på Nordhuglo til ein kjempehyggeleg laurdag. Det fyrste som hende, var at…
DetaljarDet blei gjort ein solid maleinnsats ved forrige dugnad, men det er framleis mogleg å hjelpe til med resten. Det vert dugnad fredag 12. juli og laurdag 13.juli klokka 10.00. Om me ikkje blir ferdig blir det også mogleg å bidra neste veke. Ta kontakt på tlf 91132717 om du ynskjer å hjelpa til. …
DetaljarEin har ikkje meir moro enn den ein lagar sjølv, seies det. Og nå er det på tide at det skjer noko moro mens me ventar på sumaren. Så laurdag 13. denne månaden lagar Huglabutikken AS til ein Kaidag. Festen startar kl. 13. Det vert kafé, utlodning, gjettekonkurranse med premiar, og mest spanande av alt: …
DetaljarEi lite nytta perle på Huglo er Tveitevågen. Og vatntemperaturen er ofte om lag 2 grader høgare enn t.d. i Huglavikjo. Laurdag var temperaturen i vatnet nesten 15 grader! Langgrunt og fint å bada.
Formell eigar av skulehuset er Huglo Bygdalag – dvs oss alle. Bygningen treng heile tida praktiske hender for vedlikehald, som eitkvart bygg. Innimellom vert det invitert til dugnad, når større ting skal gjerast. Men har du ynskje om å bidra på andre tidspunkt, kan du ringa Albert, tlf 911 32 717
Detaljar14 grader i Huglavikjo, litt varmare i Tveitevågen. Kor er sumaren? I veka som kjem, vert temperaturen lågere, seier yr. “Mest regn på Vestlandet” seier værmannen på NRK1. Synd varmen er så ujamt fordelt, Paris kunne nok vera klar til å dela litt på heitebølgen dei har. Når vert det vår tur til å kjenna…
DetaljarSola og det store, flotte bålet konkurrerte om å varma best. Bålet vann, men sola varte lengst! Nydeleg kveld for store og små huglarar frå 1/2 år gamal og opp til 90-åringane. Takk til Huglo Idrettslag som arrangerte. Her er nokre glimt frå kvelden:
DetaljarFotballkamp på Leirvikstølen 17.00. Bålet blir tent 19.30 på Leiro. Det blir salg av grillmat og brus. Vel møtt! – Huglo Idrettslag
DetaljarNo, når badetemperaturen er på veg oppover: 12,5 grad i Huglavikjo i dag, har me fått ei anna landeplage enn iskaldt vatn. Huglavikjo er invadert av brennmaneter!! Tett i tett kom dei symjande innover. Det er umogleg å setta ein fot i vatnet dersom du ikkje vil verta brent. Den sviande smerten varar ikkje meir…
DetaljarMattilsynet har sine positive sider, også. Til dei høyrer regelbundne vassprøver og prøver av skjel langs kysten vår. For Sunnhordland er prøveplassen på Bømlo. Til no har me kunna kose oss med eigenfiska blåskjel. Men siste varselet seier: IKKJE spis sjel! Skjela har forekomst av nervegifta PSP over faregrensa (Paralytic Shellfish Poisoning toksin). Fyrste symtom…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.