Sommargudsteneste
Fyrstkomande søndag, 21. juli, vert det sommargudsteneste i Huglo bedehuskapell kl. 15.00 (!!) Prest: Egil Larsen. Enkel kyrjekaffi. Velkommen!
DetaljarFyrstkomande søndag, 21. juli, vert det sommargudsteneste i Huglo bedehuskapell kl. 15.00 (!!) Prest: Egil Larsen. Enkel kyrjekaffi. Velkommen!
DetaljarTekst: Wenche Taranger Melodi: Kjærlighetsvisa Uroppført på Kaidagen 13. juli 2019
DetaljarKva som trakk mest, underhaldninga av butikkpersonalet eller det strålande veret eller dei nydelege kakene? – i alle fall må det ha vore ny rekord i frammøte denne dagen. Innpå 200 menneske, store og små, med og utan hund, var samla på kaien på Nordhuglo til ein kjempehyggeleg laurdag. Det fyrste som hende, var at…
DetaljarDet blei gjort ein solid maleinnsats ved forrige dugnad, men det er framleis mogleg å hjelpe til med resten. Det vert dugnad fredag 12. juli og laurdag 13.juli klokka 10.00. Om me ikkje blir ferdig blir det også mogleg å bidra neste veke. Ta kontakt på tlf 91132717 om du ynskjer å hjelpa til. …
DetaljarEin har ikkje meir moro enn den ein lagar sjølv, seies det. Og nå er det på tide at det skjer noko moro mens me ventar på sumaren. Så laurdag 13. denne månaden lagar Huglabutikken AS til ein Kaidag. Festen startar kl. 13. Det vert kafé, utlodning, gjettekonkurranse med premiar, og mest spanande av alt: …
DetaljarEi lite nytta perle på Huglo er Tveitevågen. Og vatntemperaturen er ofte om lag 2 grader høgare enn t.d. i Huglavikjo. Laurdag var temperaturen i vatnet nesten 15 grader! Langgrunt og fint å bada.
Formell eigar av skulehuset er Huglo Bygdalag – dvs oss alle. Bygningen treng heile tida praktiske hender for vedlikehald, som eitkvart bygg. Innimellom vert det invitert til dugnad, når større ting skal gjerast. Men har du ynskje om å bidra på andre tidspunkt, kan du ringa Albert, tlf 911 32 717
Detaljar14 grader i Huglavikjo, litt varmare i Tveitevågen. Kor er sumaren? I veka som kjem, vert temperaturen lågere, seier yr. “Mest regn på Vestlandet” seier værmannen på NRK1. Synd varmen er så ujamt fordelt, Paris kunne nok vera klar til å dela litt på heitebølgen dei har. Når vert det vår tur til å kjenna…
DetaljarSola og det store, flotte bålet konkurrerte om å varma best. Bålet vann, men sola varte lengst! Nydeleg kveld for store og små huglarar frå 1/2 år gamal og opp til 90-åringane. Takk til Huglo Idrettslag som arrangerte. Her er nokre glimt frå kvelden:
DetaljarFotballkamp på Leirvikstølen 17.00. Bålet blir tent 19.30 på Leiro. Det blir salg av grillmat og brus. Vel møtt! – Huglo Idrettslag
DetaljarNo, når badetemperaturen er på veg oppover: 12,5 grad i Huglavikjo i dag, har me fått ei anna landeplage enn iskaldt vatn. Huglavikjo er invadert av brennmaneter!! Tett i tett kom dei symjande innover. Det er umogleg å setta ein fot i vatnet dersom du ikkje vil verta brent. Den sviande smerten varar ikkje meir…
DetaljarMattilsynet har sine positive sider, også. Til dei høyrer regelbundne vassprøver og prøver av skjel langs kysten vår. For Sunnhordland er prøveplassen på Bømlo. Til no har me kunna kose oss med eigenfiska blåskjel. Men siste varselet seier: IKKJE spis sjel! Skjela har forekomst av nervegifta PSP over faregrensa (Paralytic Shellfish Poisoning toksin). Fyrste symtom…
DetaljarSundag auste det ned, alt var søkkvått og det var mange fleire bekkar enn dei som sto på kartet. Då er det ekstra oppmuntrande at posten, i staden for å vera gjøymt mellom “lite stup” og nokre digre einerbuskar, lar seg sjå på minst 50 meters avstand. Me ynskjer oss fleire slike postar! Ivrig klyv…
DetaljarNå har me hatt et par varme dagar, men badetemperaturen er framleis berre for dei mest interesserte: Huglavikjo 11 grader. Erfaring seier at da er det to grader meir i Tveitevågen. Mange av turistane våre har undra seg over den grøne fjorden. Er den farleg for sjømaten, m.a.o. kan me eta det me tar opp…
DetaljarKombinasjonen av det strålande veret og ein flink 17. mai komité gjorde 17. mai 2019 til ein dag me vil hugsa lenge! Og som prost Theodorsen sa: Dette må me seia takk for! Her er nokre glimt frå den felles feiringa: Flaggheising Primus Motor for musikken Fiskedam med fiskelukka Martin hadde 17.mai-pynta permobilen sin Meisternes…
DetaljarHuglo Bygdekvinnelag hadde i går kurs i fotografering med pinhole-teknikk. Lærer Kathrine var tålmodig, og deltakarane entusiastiske. Me oppdaga fort at jo fleire erfaringar, jo meir spanande vart bileta. Utruleg kva ein kan få til med ein tom fiskebollboks med eit bitte-bitte lite hol i, ein bit fotopapir og ei lystett hette. Og så må…
DetaljarDet er meldt fint ver, og alt ligg til rette for ei flott 17. maifeiring på Huglo. Programmet er som det pleier å vere: Kl. 10.30 flaggheising på skuleplassen Kl. 11.00 gudsteneste 17. maitog – korpset spelar Ord for dagen v/Ellen Marie Nordtveit 17. maifest i skulen: – Matøkt (ta med mat og…
Detaljar17.mai-komitéen og HBL seier velkommen til 17.mai-dugnad på skuleplassen og i gymsalen torsdag 9. mai frå kl 17. Plassen skal ryddast og rakast, og inne skal det vaskas for å gjera alt klart til den store dagen. Har du, så ta med reiskap som hekksaks, spade, rake . . . . Vel møtt!
DetaljarTysnes Kammerkor, under leiing av dirigenten Trent Bruner – held tirsdag vårkonsert i Huglo Bedehus. Frisk song og vakre, rolege songar, alt framført med smil og entusiasme for eit takknemleg publikum. Stemninga var sett frå starten, då Hans Ole Dalland innleide med å snakka om det gode samarbeide mellom Tysnes og Huglo. Han nemde særskilt…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.