Nå er bossekkane henta!

For dei som tok del i bossplukkinga i Litle Røssbøvikjo, 10 sekkar + nokon frå tidlegare jobb) har dette vore eit tilbakevendande spaningsmoment og  emne for mange telefonsamtalar til kontaktperson i kommunen for aksjonen Rein Hardangerfjord i ca 1 1/2 månad.  Og dei som gjekk onsdagsturen denne veka, fekk den store overraskelsen:  Bosset var henta!!…

Detaljar

Trestjerners Havrettsaften

Det er ikkje mindre enn supert at nye ungdomar som veks opp på Huglo, tek over denne tradisjonen, og med hjelp av nokon erfarne huglarar og nye kjerastar tar jobben med å arrangera Havrettsaften.  Dette var 40. gang!!  Starten var nokon som kom saman over ein tallerken fiskesuppa, så har havrettane blitt fleire og fleire…

Detaljar

Ordførarfint besøk

Huglabutikken AS hadde i dag, laurdag, invitert ordførar Gaute Epland på besøk.  Han skulle eigentleg vore den som klypte snora for pergolaen, men han hadde dobbeltbooka då, og kom på Nærbutikkens dag i staden.  Det har nettopp vore møte mellom butikken og kommunen, der butikken fekk stadfesta årleg tilskudd til Nærbutikken, og butikken på si…

Detaljar

Eldretreff

Velkommen til Eldretreff onsdag i veka som kjem, 12.oktober, kl 15 – 17. Ikkje som på biletet frå 17.mai, men innandørs i skulestova, heldigvis. Denne gongen får be besøk av medlemmar frå eldrerådet i kommunen.  Dei er interesserte i å høyra om prosjekta våre, og så kan dei fortelja om kva for tilbud kommunen har…

Detaljar

Så var vi i gang!

Presis 1.oktober kl 08.00 gikk fyrste teina i vatnet.  Kor mange dei ivrigste har, varierar, men spanningen er der uansett. 2.oktober berre måtte alle teinane trekkast, sjølv om ryktet seier at det er betre at dei står over ein dag, så hummaren vert vandt med dei og trur dei er ufarlege. Og slik ser han ut:  

Detaljar

Stege på plass igjen

I dag monterte Håkon ny rednings- og badestege ytterst på flytebrygga til gjestehamna.  Tilogmed med redningsbøye!  La oss håpa at stegen berre trengs til badetrapp – og at det framleis er nok igjen av sumaren til at den vert brukt. Badetemperaturen i Huglavikje er framleis 18 grader, sjølv om det berre var 7 grader i…

Detaljar

Sundagskonsert med Fitjar skulekorps

Det er synd at korpsmedlemmane ikkje fekk høyre alle dei positive kommentarane ute i skulegården etter konserten! Etter ei seminarhelg i skulebygget på Huglo, avslutta eit litt forsterka Fitjar skulekorps med gratiskonsert for huglarane.  Ei skikkeleg vitaminsprøyte det med fekk høyre av dei flinke og glade musikantene under leiing av dirigenten, Svein Roger Koppang. På…

Detaljar

Varden opp

Bratt fall i “kondis” blant huglarar og hyttefolk?  I fjor var det 14 som sprang Varden opp så søla skvatt, i år var det 9, og vinnartida gjekk ned med ca 5 minutter.  Men sett frå godstolen er det likevel utrulig at folk vil seg sjølv så vondt som å springa oppoverbakke, det må liggja…

Detaljar

Allsong som varma

Riktignok opphald, men iskald nordavind la ikkje nokon dempar på stemninga då dei Rustne menn frå Uskedal vitja kaien med song og musikk.  Dei veit å treffa sitt publikum med songar alle kjennar og kan syngja med i – særleg når dei har med songhefte som støtte til alle oss som berre kan fyrste verset…

Detaljar