17.mai førebuing
Huglo Bygdalag inviterer til dugnad på skulen, inne og ute, laurdag 7.mai. Start kl 16. Me håpar på godt oppmøte.
DetaljarHuglo Bygdalag inviterer til dugnad på skulen, inne og ute, laurdag 7.mai. Start kl 16. Me håpar på godt oppmøte.
DetaljarNo er det snart 2. onsdagen i mai, og då vert det Eldretreff igjen. 11. mai, også denne gongen i skulestova kl 15 til 17. Som vanleg kaffi og noko godt å bita i, og god tid til å utveksla nyhende og meiningar. Denne gongen planlegg me sommaravslutning. Kanskje ein liten utflukt? Med lunsj i…
DetaljarNo er plassen foran pergolaen fint asfaltert, og det vert sagt at asfalten skal ha ei lita helling mot sjøen, så me slepp den vatnpytten som har vore midtvegs på kaia. Det ser flott ut! Og allereie har plassen foran butikken vorte mykje nytta til drøs og kaffi. Det er berre eit (alvorleg) skår i…
DetaljarSjølv om veret var av den ustabile sorten, var det om lag 14 personar som tok den tradisjonelle turen til Varden palmesøndag. Det vart tent bål og spidda pølser, og sola kikka fram opptil fleire gonger! Takk til Huglo IL som dreg i gang denne fellesturen år etter år.
DetaljarEndeleg var det mogleg med bedehusbasar igjen! Basaren til inntekt for drift av bedehuset er ein påsketradisjon for mange. Det var heilt fullt hus med over 100 personar, så ein måtte til og med dekke bord i gangen. Vi fekk alle god kaffimat før Kari Bolette Lundal heldt andakt. Etterpå var det duka for åresal…
DetaljarEndeleg kan starten på påsken vera som i dei gamle, gode dagane før pandemien! Den tradisjonelle påskebasaren på Bedehuset vert laurdag 9.april kl 16 Det vert andakt ved Kari Bolette Lundal Mat og kaffi Arrangørane er takksame for gevinstar, ta kontakt med Per Egil Sæter eller Wenche Taranger Vel møtt!
DetaljarReferat frå årsmøte i Huglo Bygdelag Stad Huglo skule, klasserom Møtedato/tidspunkt 17.03.22 Referat Huglo Bygdelag Til stades 24 personar Referent Marlene Sørli Sak: 1. Endre leia årsmøtet og gjekk igjennom årsmeldinga: Styret har hatt sju styremøter i løpet av året. Styret har jobba med desse sakene: 1. Fiberdekning til alle: det er nå…
DetaljarEller omvendt? I alle fall eit vellukka arrangement, kunne bygdekvinnelaget slå fast. Mykje folk, nokre av selgarane var vel nøgde og alle fekk selja noko – men mest populær var nok kaféen. Folk stortrivdes med å møtast etter den lange sosiale tørko med pandemien, mykje nyhende skulle utvekslas og kakene var både fine og gode. …
DetaljarDet vert Eldretreff i skulestova onsdag 16.mars kl 15 – 17. Me ser video frå den gong Eldretreffet var i Barnehagen God tid til drøs over kaffekoppen Alle velkomne!
DetaljarHuglo Bygdalag inviterer til årsmøte torsdag 17.mars kl 19.00 i søre skulestove. Program:: Årsmelding Reknskap Årsrapport frå Driftsstyret Val Og som på alle samankomster på Huglo, vert det kaffe med noko å bita i. Velkommen!
DetaljarHuglamessa er flytta ei veke, altså til laurdag 26.mars. Opningstid er kl 12 til kl 15. Me har god plass til fleire utstillare! Handarbeide, mat og andre jordbruksprodukt,, sløydprodukt, søtsaker, heimelaga såper . . . . Meld deg til Eline, tlf 920 13 087 Og så har me kafé! Velkomen til skuelystne, kjøparar og kafégjestar
DetaljarÅrsmøte Sist helg var det årsmøte i Huglo IL. Nytt styre vart valgt og det var trekking av premie mellom alle som har delteke i turorienteringa. Den heldige (og verdige) kakevinnaren som kan bestilla seg kake på Huglabutikken er Magne Huglen. Nytt styre for 2022: Øyvind Fagervoll Sortland, leiar. Sigurd Huglen, kasserar. Kjetil Sømoe, skrivar.…
DetaljarSå langt er dette planlagd: 24. februar: Indremisjonen 27. februar: Gudsteneste 1. mars: Lys over land 24. mars: Indremisjonen 27. mars: Gudsteneste 9. april: Bedehusbasar 14. april: Gudsteneste 28. april: Indremisjonen 17. mai: Gudsteneste 5. juni: …
DetaljarCovid – 19 smitte?? Igjen har nokon vore inne i huglo.no og øydelagt deler av sida. Mellom anna klagar våre lesarar på at “Arkiv” ikkje visast lenger, startsida er ikkje som den var og skal vera, og kalenderen visast ikkje. Me arbeidar med saka! Men skal me ha proffesjonell hjelp, kostar det pengar . .…
DetaljarOpningstider våren 2022 torsdagar kl 18 – 19 i skulestova: 13. og 27. januar 10. og 24. februar 10. og 24. mars 7. og 21. april Biblioteket har utlån av vaksenbøker, og eit par av hyllene inneheld bøker som ikkje kjem frå Stord Bibliotek, som folk kan låna eller ta til eige eller gje vidare.…
DetaljarDet vert Eldretreff onsdag 9.februar kl 15 – 17 i skulestova. Som vanleg vert det god servering og god tid til drøs om laust og fast. Har du noko du vil ta opp, noko du vil fortelja, eller vil du diskutera verdensproblem? Då er Eldretreffet på Huglo staden! Alle velkomne!
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.