Det var stor stemning på kaia på Nordhuglo i det flotte været påskeaften. Både hyttefolk og fastbuande handla i Huglabutikken, koste seg med is, og framfor alt: nysteikte vaflar! Rundt Vyborgkomitèen Vigliv og Åse med vaffeljerna var det kø heile føremiddagen, det gjekk med 10 liter vaffelrøre! Av samtaleemne var nok godværet nr. 1, men andre aktuelle hugla-saker som hyttebygging, rorbuer, fiske og krabbefangst blei nok òg grundig drøfta. Omsetninga hos Huglabutikken var god, som den bør vera på ein påskeaften, men den var nok ikkje heilt opp til rekorden i fjor. Likevel: Ein styrålande påskeaftens føremiddag for små og store.