Pasta med krabbe

Kor kjem dei alle frå?  I dag fekk me 43 krabber på eit trollgarn og to heimelaga teiner, vert det aldri tomt?  Det er godt krabbane kan nyttast på mange måtar, ikke berre kalde med loff og majones.  Forresten, har du prøvd å bytta ut majonesen med rømme med pepperrot?  Den får du kjøpt  på tube, så kan du ha den klar til neste krabbekveld! 

Men kva med krabbe til middag?  Då kokar du ein passe menge pasta, gjerne spagetti eller tagliantelle.  etter at du har helt av kokevatnet, har du i ein god slump matfløyte, safta av ein 1/2 sitron eller meir, det du måtte ha av krydderurt, t.d. basilikum eller bladpersille eller oregano eller rosmarin eller litt av kvart.  Så har du i det du måtte ha av krabbekjøt (berre det kvite) – kanskje renska du det som blei til overs forrige krabbekveld og frøys det i tette små glas?  Så må det reven ost til, akkurat den osten du likar, anten det er Jarlsberger eller ferskreven parmesan, Norvegia går óg bra med gjev mindre smak.  Har du cherrytomatar, kutt dei i to og ha dei oppi i siste lita.  Ferdig!  NAM!

Krabbekjøtet kan byttast ut med laks, røykt eller fersk, eller reker (dei må begge såvidt varmast, 15 sekunder i den varme pastaen ellers vert dei seige), skjel (for dei som et agn) – og det er ikkje så dumt å ha i litt kvitlauk eller ingefær eller karri, berre ikkje alt på ein gong.

Grønsakalibiet kan vera sukkererter eller fleire cherrytomatar eller ein blanda salat.  Eller appelsinsalat til dessert.

Velbekomme!