Potetferie

Mange løgne skapningar å finna i ein potetåker
Poteta anno 2010

No er det haust og potetopptaking. Det er nokre år sidan haustferien blei kalla potetferie, for før hadde dei aller fleste ein liten potetåker. Slik er det ikkje i dag, og dei få som har potetåker har ikkje så store åkrar. Her på Huglo er det ein som har våga å laga ein stor potetåker i år, det er Erik Willgohs. Omtrent to mål med potetåker har han laga seg. Heldigvis har han mange gode hjelparar, dersom ikkje hadde det vorte mange dagar med potetopptaking for Erik. Både gamle og unge, familie,slekt og venner er observerte i åkeren.

Åkeren er heile to mål
Store og små, slekt og venner er observert med Erik i åkeren

Erik var på potetekurs på Fitjar, potetbygda, i vinter, og blei inspirert. Potetsortane som Erik har sett i jorda utanom “Birgerpoteta”, er Pimpernell, Troll og Oleva.

Potetene er å få kjøpa på butikken på Nordhuglo. Dersom du er interessert kan du få kjøpa både vaska og uvaska poteter på butikken hjå Wenche.  Men ein god del av potetene blir  for til dyra hans.

Mange løgne skapningar å finna i ein potetåker