Referat frå åsmøtet Huglo Bygdalag 23.februar 2017

dav

 

24 huglarar var tilstedes på årsmøtet.

1.  Leiar Sigurd Huglen la fram årsmeldinga, som vart godkjent (sjå eige innlegg)

Det har vore dugnad og utlodding på skulen til inntekt for bygget.

Ny veg til Leirepallen og bålplassen der er bygd. Det skal også steinsetjast med jordstein rundt Leirepallen i sjømålet for å stoppa erosjon. Tiltaket er avklart med Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen.

2 Reknskapen

Reknskapen vart lagt fram av Njål Sortland og vart godkjent.

3 Driftstyret

Albert Eikeland orienterte om arbeidet til driftstyret.

Utleige av barnehagen gir ei månadleg inntekt til Bygdalaget på kr. 6000. Utlodding og sal av bøker på skulen gav ei inntekt på kr. 24 000. Det har vore dugnad ute og inne på skulen. Driftsstyret har ordna ein vasslekasje på do og skifta ny trykktank. Ein har fått ein ny straumavtale for bygget som har redusert utgiftene til oppvarming. Bruk av gymsalen er samla på torsdagar og fredagar for å få ned straumutgiftene. Dei andre dagane har gymsalen ein lavare temperatur. Sørveggen på skulen er malingsliten og må malast. Det vert også diskutert i samarbeid med styret for bygdalaget om ein skal få i stand ei vaktmeisterordning for skulen.

Dette året har vore eit år der ein må prøva seg fram korleis ein skal drifta skulen. Vegen vert til mens ein går. Alt er ikkje på plass. Me må gjera våre erfaringar og etter kvart få drift og vedlikehald av skulen inn i fastare former.

4 Ymse.

Det var ein del spørsmål frå salen om utleige av skulen. Driftstyret vil koma med opplysningar om prisar for leige av skulen, rutinar for vask og kven ein skal kontakta for å leiga.

Sonja Brandvik har gitt ei gåve. Det er eit sevice til 50 personar som kan lånast i samband med leige av skulen. Servicet vert lagra på bedehuset.

Når ein ringer nødtelefonen 113 til AMK- sentralen i Haugesund, sender dei båt og ikkje sjukebil til Huglo. Dette har skjedd ved fleire tilfelle i seinare tid og er ein heit uakseptabel måte å gjennomføra eit ambulanseoppdrag på Huglo på. Pasienten må fraktast i privatbil til kaien for vidare transport med ambulansebåten til sjukebil på Jektevik. Svært tungvint og slitsamt. Helse Fonna må få klar beskjed om at ambulansoppdrag på Huglo må gjennomførast med sjukebil og ferja ligg i beredskap på Nordhuglo. Dette må vera ei misforståing på grunn av manglande lokalkunnskap hos AMK-sentralen i Haugesund. Men slik kan det ikkje halda fram.

Sigurd tar det opp med Stord kommune snarast!

Postomberinga på Huglo skal leggjast om i samband med at Eli Nordtveit går av med pensjon som landpostbod. Stillinga som landpostbod på Huglo blir lagt ned, og posten ynskjer at butikken tar over postomberinga på øya. Det har butikken sagt nei til. Posten er pliktig til å distribuera posten, og no får dei koma opp med ein annan måte å gjera det på. Posten skal fram!

 

5 Val

Val til nytt styre i Huglo Bygdalag og Driftsstyre vart leia av Kirsti Heggland.

Sitjande styre i bygdalaget er Eva Grov, Hege Elin Haukanes, John Olav Heggland, Sigurd Huglen (leiar) og Njål Sortland.

Vara er Alf Einar Notland og Katrine Huglen.

Sigurd og Njål står på val. Begge tok attval, og Sigurd held fram som leiar.

Alf Einar og Katrine tok attval som vara.

Driftstyret består av Albert Eikeland (leiar), Nils Olav Taranger og Solveig Grønsdal.

Vara til driftstyret er Eva Grov og Katrine Huglen.

Albert står på val og tok attval som leiar.

Eva og Katrine tok attval som vara til driftstyret.

Revisor er Hedvik Flornes og tok attval

Valnemd var Kirsti Heggland, Nils Elde og Øystein Huglen. Øystein går ut og inn kjem Erik Willgohs som saman med Kirsti og Nils er den nye valnemda.

Referent John Olav Heggland