Rektorskifte på Huglo skule

Huglo skule får, på tross av kommunen sin sparekniv, behalda status som sjølstendig skule med eigen rektor. Men rektor Reinert Agdestein har valt pensjonisttilværet og Sør-Frankrike og sluttar av etter mange år på Huglo skule. huglo.no har prøvd å få eit intervju med han, men det blei med fotograferinga, så gjorde han som kjendisar gjerne gjer: han smatt ut bakdøra og er no på ukjend adresse (ifølge han sjølv). Me ynskjer han ein fin og lang pensjonisttid og takkar for innsatsen for borna på Huglo.
Ny rektor er Laila Føyen. Ho har undervist på Huglo skule i eit par år allereie, så ho kjenner skulen og elevane og miljøet. Når skulen startar, skal huglo.no kome tilbake til henne og skulen.