Helst skal risen vera av arboriotypen, men vanleg grautris frå Huglabutikken går og bra. Det viktige er at den vert litt “kremete” når den er ferdig kokt. Denne risen treng meir væske enn vanleg basmatiris, der ein nyttar dobbelt så mykje vann som ris. Det beste er å spe på etter kvart som væska koker inn. Fyrst fresar du risen blank i litt smør i gryta, så tilset du vatn og gjerne en grønnsak- eller kyllingbuljongterning (og då ikkje salt). Rør ofte i risen, og tilsett meir væske etter kvart. Imens steiker du skogsoppen du har funne – er det litt snaut, kan du legge til sopp frå Huglabutikken, eller oppskåren kylling. Nyttar du tørka urter, bør dei koka med, har du friske frå eigen urtehage, kan desse hakkast og has oppi mot slutten. Du nyttar det du har, ei italiensk husmor ville nok hatt oregano/basilikum/bladpersille. Når risen er mjuk, har du i sopp, kanskje nokre frosne erter, litt smør? og absolutt riven ost, gjerne parmesan, men vanleg gulost går heilt greit. Og så er middagen ferdig!