5.8.: Huglavikjo 15,8 grader. Vil dette verta ståande som årsbeste?
25.07. kl.11.00: Kan ein tru at borte er bra, kan ein dra til Gåsholmane. Der viste gradestokken 16,5 grad på flo sjø og det vart observert folk i sjøen. Bilete viser døme på bading for vaksne i lagunen på Gåsholmane.
24.07. kl. 11.30: Huglavikjo 15,1 grad. Det er håp i hengjande gradestokk!
21.07. kl- 19.00: Huglavikjo 13 grader – snautt. For dei som ikkje orkar venta lenger med årets første (?) sjøbad, må me råd til at ein nyttar våtdrakt, badeburka – såkalla burkina – eller ein australsk stingersuit. Den siste er spesialkonstruert for formålet: å halda giftige brennmanetar borte frå bar hud. Seinast i går vart det tald opp 101 brennmanetar frå 2.etasje på kaikanten i Huglavikjo. Ingen av dei tilrådde plagga skjermar anletet, så ein bør gjera som svanane: symja med hodet på strak hals. Tar ein desse råda på alvor så ein er godt førebudd på både sjø og det som flyt i den, kan det kanskje verta ein symjetur ein kan fortelja om saman med dagens fiskehistorie. Eller er det eigentleg bryet vedt? For tida er det mykje meire glede i å dorga stor lyr i Laukhamarsund på tidleg kveldstid.
19.07. kl. 16.00: Sjøtemperatur i Huglavikjo: 13,2. Onde tunger påstår at gradestokken til huglo.no sin utsendte viser 1,5 grad for lite. Hopp i og prøv sjølv!
17.07: Sjøtemperatur kl.19.00 i Huglovikjo: 12,5 grader. Temperaturen sank til 12 grader da termometeret blei tatt opp frå sjøen.
I Huglavikjo blei det i dag, 13.juli, målt 13 grader kl. 20. Dette kan berre kallas badetemperatur for spesielt interesserte!