Me har me stor grunn til å vere stolte av elevane på Huglo skule. For ein månad sidan møttest 330 sjetteklassingar frå skulane frå Stord, til konkurranse om den beste ideen om energisparing i framtida, smarttingkonkurransen. Frå Huglo skule stilte Åsmund Fagervoll Sortland, Viljar Østervoll og Sveinung Huglen Bratten. Ideen til huglarane var å bruke sjø-varmepumpe til oppvarming av administrasjonsbygget på Aker Stord. I tillegg til å bruke lavenergi-belysning og automatisk solavskjerming.
Ordføraren Liv Kari Eskeland sto i spissen for å plukka ut tre vinnarar som skulle gå vidare til fylkesfinalen. Dei tre elevane frå Huglo imponerte og vart valt ut frå ei finalegruppe på 12 kreative bidrag. I lag med elevane frå Huglo vart elevar frå Hystad- og Tjødnalio skule. Dei tre smartingane frå Huglo gjorde det svært godt i fylkesfinalen, og stakk av med sigeren. Dette er svært imponerande, og me er svært stolte av dei tre gutane frå Huglo.
I påmeldinga til konkurransen står det at kåringa av konkurransen vert i Oslo i mai, der dei ulike vinnarane frå fylkesfinalane skulle møtast om ”smartingprisen”. Dei tre karane frå Huglo såg svært fram til dette og entusiasmen var stor. Derimot fekk dei kontramelding på at det ikkje vert noko Oslo-tur likevel, til stor skuffelse for elevane. Det er kjent for oss at rektor og lærar, Reinert Agdestein og Laila Føyen ved Huglo skule, har sendt brev til SMARTare energi om saka. Misforståelsen i henhold til innbydinga er at det er vinnaren av heile konkurransen som skal få reise til Oslo. Lovnaden om at alle fylkesvinnerane skal til Oslo, sto i ein gamal invitasjon. Grunnen til at dette vart endra, er mangel på pengar.
Me er likevel svært stolte av dei tre gutane frå Huglo, dei har gjort det svært godt i konkurransen så langt. Me ynskjer dei lykke til vidare, og at dei får seg ein Oslo-tur likevel.
Her er nokre bilete av dei tre karane då dei vitja vilvitesenteret i Bergen: