Spennande undersøking av gravrøys på Huglo

I fjor sumar vart det funne ein spyd eller lansespiss på Tveit. Det viste seg at den var 1200 år gamald. Frå 8.-14. september kjem arkeologar frå universitetsmuseet i Bergen og arkeologar frå Hordaland fylkeskommune til Huglo for å undersøkje gravhaugen på Tveit. Det spennande å sjå om dei finn meir, og om dei finn meir historisk informasjon om tidlegare liv på Huglo. Prosjektleiar Morten Ramstad skriv følgande, “I tillegg ser vi fram til å være på Huglo og møte lokalbefolkningen på øya”.

Dette vert spennande!

Bilete er frå i fjor sommar

Her kan du lesa historia om oppdaginga av oldtidsfunnet på Tveit.

Les meir om undersøkinga her.