Huglo Bygdelag har stilt spørsmålet om det er behov for omsorgsbustad på Huglo.
For å få avklart om behov er til stades, har Huglo Bygdelag laga ei spørjeundersøking om temaet.
Omsorgsbustad
Detter er ein bustad som er lagt til rette for eldre eller personar med særlege behov. Bustaden har alt på eit plan.
Plassering
Huglo Bygdelag eig ei tomt på Nordhuglo som ligg godt til rette for færemålet, nær butikk og ferjeleie.
Kva er så kostnaden med ein omsorgsbustad?
Kostnaden er knytt til byggjekostnaden.
1. Leige
Truleg ein stad mellom kr 8.000 og 10.000/mnd. I leiga er dei kommunale avgiftene med. Straum kjem i tillegg.
2. Kjøp
vert som eit anna kjøp (avdrag og renter) + kommunale avgifter og straum.
Ved nokre omsorgsbustader i Stord kommune har kommunen plikt til å kjøpa bustaden att etter 3 mndr frå oppseiingsdato, men dette er noko som må forhandlast om ved etablering av bustad/ar.
TILBAKEMELDING
Så er spørsmålet (set kryss for det som høver):
- Har du interesse for omsorgsbustad? JA NEI
- Vil du LEIGE eller KJØPA
Ver venleg og lever svaret til Sigurd Huglen innan 01.08.2024
E-post: sigurd.huglen@stord.kommune.no
Tlf.: 480 82 781
Eller i postkassen: Skarvane 13