“Alle” med tilknyting til Huglo veit at Havrettsafta er ein av dei store kveldane i kalenderen. Men ikkje så mange veit om den doble tydinga i namnet, kanskje? Det var havforskaren Per Solheimdal (mellom huglare “ByPeren”), som hadde kontakt med, og var særs interessert i, arbeidet til Norges fyrste og einaste havrettsminister Jens Evensen. Jens Evensen var havrettsminister 1974-78. Han leia arbeidet med å utforma ein politikk for fordeling og utnyttingen av ressursane i havet. Han leia òg delegasjonen som forhandla med EF om handelsavtale 1972-73. Per Solheimdal meinte at ingen andre har vore like viktige for Norges rettigheiter til ressursane i havet som Jens Evensen. Han skulle i det minste ærast og hugsast med ein Havrett-aften – med rettar frå havet, sjølvsagt. At den same Per på havrettsafta kunne overraska med noko så lang frå havrett som servering av veraballar, er ein annan sak. Overraskinga i år var fiske-vaflar – ikkje fullt så eksotisk, kanskje, men i alle fall smaka dei av HAV.
Me gler oss til neste år!