Søndag 13.juni vert det arrangert tur til Storsøy, av huglo bygdekvinnelag. Storsøy er for dei fleste av oss ein stad me skjeldan ferdast. Til tross for at ho er noko av det første ein ser når ein reiser til eller frå Huglo. Storsøy er ca 220 dekar, og har sidan 1977 vore verna som landskapsverneområde, men etter 1999 hatt status som naturreservat. Storsøy har eit stort artsmangfald, og det er registrert 460 planteartar.
Dette er ei fin anledning til å gå langs øya med følgje. Med på turen vert Ragni Nordås frå statens naturoppsyn for å orientere om øya.
Praktiske opplysningar om turen:
– Oppmøte på kaien klokka 11.00
– Over til storsøy med småbåtar (alle får skyss!)
– Ta gjerne med eigen småbåt om du kan.
– Hugs redningsvest
– Ta med mat, drikke og godt humør
Dersom det vert dårleg ver vert turen utsett.