Horn
500 g. kveitemjøl
0,5 ts. kardemomme
50 g. sukker
70 g. smør
50 g. gjær
3,5 dl. mjølk
Smelt smør, ha i mjølka og rør inn gjæren når blandinga er ca. 37⁰C. Bland det tørre, og ha i gjærblandinga. Elt det godt, og la deigen stå og heve seg på ein lun plass til den har nådd dobbel storleik. Del deigen i to emne. Kjevle ut eine delen til ein stor sirkel, ca. 1 cm tjukk. Del opp i åtte like store trekantar, og trill horna ved å trille inn mot midten av sirkelen. Gjer det same med det andre emnet, og legg horna på ei bakepapir kledd steikeplate. Pensle horna med eit piska egg, og strø evt. over valmuefrø. Horna skal etterhevast i ca. 20 min.
Steik horna på 220⁰C i 10-15 min. på miderste rille