Bokbåten klappar til kaien på Sørhuglo kl 10.30 og vert liggjande til kl 12.00, 10.11.18. Dei som har besøkt båten tidlegare, veit at han har med seg eit imponerande utval av bøker for einkvar alder og smak.
Og så har båten alltid med seg eit kulturprogram. Denne gongen får me på Huglo innblikk i norrøne og greske gudesagn med Marianne Stenerud og Inguana Myhre. Dette er eit program med forteljarkunst, og nærleik i samtale med barn og vaksne. Me møtar skapningar som alvar, underjordiske vesen, gudar, gudinner og urgamle jotnar.
Programmet høver for alle mellom 4 og 104 år.
Hugs å ta med bøker du har lånt, som skal leverast.
Velkomen!