Det slo til i år óg: I pinsen er det (nesten) alltid fint ver! I år var det ganske utruleg flott, etter ei lang periode med corona-krise og kaldt vårver. Alle snøflekkene på Kattnakken var borte, det var 13,5 grader i Huglovikjo (og då er det som regel 2 grader meir i Teitevågen) – mange tok seg årets fyrste dukkert.
Sitteplassen utafor Huglabutikken var stapp full av isspisande hyttefolk, båtfolk og huglarar som ikkje tenkte så mykje på kor lang 1 meter er, det var kø for å koma inn i butikken (berre 5 inne om gangen) og Huglabutikken kunne gleda seg over at handelen i mai i år var veldig langt høgare i kroner enn mai i fjor. I gjestehamna låg båtane stundesvis fleire i bredden. Og dei som hadde garn ute, fekk mange fine torskar!
Og det var lange, varme, lyse kveldar, nesten som på ein syden-ferie, særleg når ein kunne hjelpa litt til med terrassevarmar eller utepeis.
Så får me håpa på at dette berre var ein forsmak på korleis sumaren blir!!