Overskrift i Aftenposten: “Fergerederiene sitter igjen med milliongevinst. Trafikanter må betale flere tusen kroner mer for billettene”.
Det er tilsaman 130 ferjesamband i Norge, 17 av dei er riksvegsamband eigd av staten, resten eig fylkeskommunane. Staten betalar 1,5 milliardar kroner for fergetenesta på dei 17 riksvegsambanda – tre ganger så mykje som i 2014. Utviklinga på fylkesvegstrekningane har ikkje vore like bratt, men t.d. betalar Møre og Romsdal i år 544 millionar for ferjene på fylkesvegane – 181 millionar meir enn i 2014. Ein må kunnna stilla spørsmål om konkurranseutsettinga fungerar? Og er det ikkje eit misforhald mellom det staten legg inn i eigne ferjer, og det staten overførar til fylkene? Men kanskje vert det ikkje sambandet Jektevik-Nordhuglo Fjord1 tener meist prengar på, sjølv om Jektevik-Hodnanes-Nordhuglo er eit godt trafikkert samband.
Ferjerederiene meiner at når det gjeld fykesvegane, betalar fylket ein sum til rederiene for at dei skal driva ferjesambanda, samtidig som fylkeskommunen fastsett billettprisane og tar inntektene frå billettsalget (bruttokontraktar)
Dei gode innnteningane reiarlaga har, skyldast effektiv drift ,seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1. Huglo.no tenkjer at kanskje “effektiv drift” tyar at ein nyttar ferjer som burde vore betrakta som utgått på dato?
Folk i Vestlands-fylkene meiner óg at ved å sende strømrekninga for elektrifiseringa av ferjene direkte til kystfolket, skapar ein motstand mot kampen mot klimaendringane. Her er ein annan overskrift frå Aftenposten:
“Kystfylkene gjør opprør. Krever at regjeringen betaler for grønne ferjer.”
Til no har haldninga i regjeringa vore at ansvaret for billettprisane ligg hos fylka, ikkje hos regjeringa. Etter siste utskiftinga av ministre, har både pendlarar og yrkestransportørar fått eit lite håp om å verta høyrt. Aftenposten meiner at det ligg tre konkrete tiltak på bordet hos departementet:
- Ei justering av dei statlege tilskotta til elferjer på fylkesvegstrekningar
- Ei revurdering av Autopass-ordninga, slik at det vert mogleg å kreva betaling for passasjerar
- Eit felles pris- og rabattsystem på alle ferjene i landet
Signala seier likevel at ein ikkje kan venta nokon endring i inneverande år.
,