Vår egen Byperen, Per Solemdal, kjenner me som primus motor bak Havrettsaften. I mange år helt han tale for dagen, fortalte små historiar, og han kunne ha med seg kulinariske godbitar (væraballer, Svartedaudin). Han arbeidde som marinbiolog ved Havforskningsinstituttet i 43 år. Diverre døyde Per i 2016. Men nå er han hedra med å få ei flyndre oppkalla etter seg. Per var den fyrste som utforska rogna og mjølken og kva for ein påvirkning saltinnhaldet i sjøen hadde på desse. Vidare forsking synte at denne flyndra, som liknar ei skrubbe, er ein eigen art, som berre finst i Østersjøen.
No er altså Per Solemdal heidra med å få den flyndra han var så interessert i, oppkalla etter seg. Platichys tydar “flyndre”, men østersjøflyndra er ein eigen art med felles etternamn med Per, Solemdali. Diverre fekk han ikkje sjølv oppleva at forskinga hans vart heidra slik.