Eit heilt sikkert vårtegn: Turorienteringa er klar! Karta ligg til sals på Huglabutikken for 200 kr. Mange spanande nye posisjonar, her er utfordringar for både spreke og litt mindre, men likevel turglade, spreke. Mange postar på Huglahamaren i år, litt klatring må til.
I fjor var det 189 personar, store og små, som fann minst ein post. Kor mange vert me i år?
Tusen takk til idrettsgjengen som spring over alle haugar og gjer oss denne flotte mogligheita til turar med spaninga: Finn me denne posten? Og så gleda: DER er den!
Dei som vil støtta Huglo Idrettslag ved å melda seg inn, med dei rettigheitane der gjer,(styrketreningsrommet, kajakkane . . . . .) finn kontonummeret i brevet som ligg i konvolutten med kart.