Kvar haust og kvar vår får Huglo besøk av bokbåten Epos. Også denne hausten har me hatt gleda av å kunna fylla opp bokhylla med variert lesestoff. På bokbåten finn ein lesestoff både for små og store. Dei har eit flott utvalg i barnebøker, romaner, krim, fagbøker og hobbybøker. Det flotte med å låna på bokbåten er at ein har bøkene eit halvt år før ein må levere dei i frå seg igjen.
Alle ungane på Huglo gler seg til bokbåten kjem, og dei vaksne. Det pleier alltid å vera eit kulturprogram på bokbåten den fyrste halve timen. Nokre ganger er det forfattarar som fortel frå bøkene sine, andre ganger er det musikk, teater, dukketeater eller klovnar. Denne gangen var det forteljaren Per Jostein Aarsand som underhaldt oss med morosame minne og skumle skrømt.
Bokbåten Epos går til øyer og grender på Vestlandet som ikkje har bibliotektenester. Vestlandet sitt flytande bibliotek er eit samarbeid mellom fylka Hordaland, Møre og Romsdal, og Sogn og Fjordane. Vil du lesa meir om bokbåten kan du gjera det her : www.bokbaten.no .
Ynskjer du å lesa meir om bokbåten sine vitjingar på Huglo, kan du trykkja her.