Me har fått tilsendt dette koslege bilete av to piggsvin. Det har tidlegare vore diskutert på Huglo, om piggsvina framleis er her. Biletet er eit klart bevis på at det er dei. Piggsvina søv mesteparten av dagen og er aktive om natta, dei et insekt, sniglar, meitemark, frukt , eikenøtter, men kan også ete slangar og amfibiar. Noko du kanskje ikkje visst om dei små nyttedyra. Visste du forresten at eit voksent piggsvin kan ha mellom 5-7000 piggar?
Det er mange som trur at mjølk er bra for piggsvina, men voksne piggsvin er allergiske mot laktose og kan bli sjuke og i verste fall døy.
Det nermar seg sommar og i juni/juli kan det hende me får sjå nokre små piggsvinungar på tur.