Eldretreff

Andre måndagen i månaden er det eldretreff  på Huglo. Då er det sosialt samvære i barnehagen. Denne måndagen var det biletevisning frå ein sydentur, og ellers  eldre bilete frå Huglo som stod på programmet.

Lun og god stemning i barnehagen ein kald haustdag.

Og sidan dette er på Huglo, var det kaffi og kaffimat på bordet. Det var dekka på bordet med fin duk, fint kaffiservise og fine blomar. Maten må eg og skryta av, det var heimalaga kringle, heimalaga lappar og heimalaga syltetøy. Ikkje noko knussel når dei eldre samlast til kaffidrøs på Huglo;-)

Masse god mat og fint pynta bord
Blide damer som har latt spøte liggja heima.

Eg hadde no venta å sjå nokon som spøta, men det var ikkje eit spøt å sjå.” Nei spøte ligge heima, me må ha ein pause i frå da og slappa av når me er på eldretreff,” var forklaringa på det. Eg blei litt bekymra for at dei eldre hadde modernisert seg og slutta med slikt, og berre sat framfor “dattaen”, men her er det ja takk begge deler.

.

Lys i barnehagen på ein måndagskveld, kven er det som ikkje har lyst å stikka innom

Eldretreff  heiter det, men det må seiast at på Huglo er dei usannsynleg spreke. Det er Åslaug Sortland som bakar og steller i stand, og ho har mannen med seg, Arne Sortland, til å hjelpa seg. Er det nokon som treng skyss, ordnar dei det og.

Bilete frå Huglo er alltid kjekt å sjå.