Det brenn for mykje på Huglo. Særleg når ein tenkjer på korleis me bur, og kor vanskeleg det kan vera å koma fram med høveleg reidskap for å slokka.
No går det mot mørketid, stearinljos, vedfyring og julepynt. Framover vil huglo.no ha ein serie brannførebyggjande tips i samarbeide med Stord Brannvern, førebyggjande seksjon, under vignetten “Brannvern” på høgre sida. Me reknar med start i midten av denne månaden.
Men: Dersom det brenn, skal ein hiva seg over næraste telefon og ringa 110, så vil vaktsentralen varsla det lokale brannvernet og brannvernet på Stord. Me treng altså ikkje gå rundt me d nummer til dei lokale brannvaktane lagre på mobilen. Me treng berre hugsa på at
ved brann: ring 110.
..