Her er ein kyllingrett som vart prøvd ut på huglarar denne helga – og dei sa seg vel nøgde. Ikkje så spennande som smalahovud, men det er nokon av oss som greier seg utan akkurat den spenninga.
Ein Stangekylling rekker til 4 personar, eller ein kan nytta ferdig grilla vare. Då ville eg ta av skinnet for at Arvidssmaken ikkje skal slåst med grillkryddersmaken. Smør ei eldfast form, del kyllingen og legg den i forma. Så blandar du halvt om halvt soyasaus og fløyte og heller dette over kyllingbitane. ein dl av kvar kan passe dersom du serverer ris attåt, risen treng ikkje så mykje saus som potetar. Soyasausen er så salt at du treng ikkje salta kyllingen, kanskje berre pittelitt dersom den ikkje er steikt på førehand. Du kan nytta kremfløyte, sjølv synest eg matfløyte er greitt nok. Over forma strør du nå rikeleg med peanøtter, og så skal eigentleg bananbitar leggjast på no og steike med heile tida. Skjølv er eg ikkje så heilt begeistra for mjuke, klissete, varme bananar, så eg legg bananene i forma dei siste 5 minuttene av steiketida. Den er kankje ein halvtime eller litt meir dersom kyllingen er rå, 20 minutter på 200 grader dersom kjøtet berre skal varmast godt.
Berre eit problem: Kvem er denne Arvidsson? Og kvifor er han flygande? Er det typisk svensk å gjetta gåtar medan ein et?