I år kom sommaren seint – men godt! 20 grader 25. september, og berre vermeldingar med sol framover, heilt utruleg bra. 14 grader i sjøen, riktignok, ikkje den heilt store badetemperaturen, men bra nok når ein fyrst kjem seg uti. Og ikkje ei einaste regndråpe på yr så langt langtidsvarselet rekk. Måtte det berre vera til å tru på! Kanskje får me same veret som i fyrste veka i oktober i fjor? Er året omsnudd i desse klimaendringenes dagar, så hausten er den eigentlege sommaren?