Korleis likar du vinteren?


Mariell Runderheim, 14 år, busspassajer og ungdomsskuleelev:
“Eg likar vinteren me har. Eg akar og går på ski. Men eg trur ikkje dyra våre likar vinteren så godt. Me har sauer og ei ku som er utegangar-slag, og ein hest.”


Simen Bjørk Eikefet, 11 år skuleelev: ”Fint” Eg akar og går på ski og så har eg ferie. Det er bra. Eg går i 6.klasse, dei kallar oss tyggegummiklassen

Else Sortland, på veg til jobben i Sæverhagen barnehage:
“Eg likar snø! Fin vinter!”


Sigurd Huglen, på veg til jobb ei ferja seinare enn vanleg:
“Kjempefint! Dette er lengste vintaren eg kan hugsa. Eg er ei ferje seinare enn eg har for vane, men eg slappar av, eg har flexitid og det er mondag.”