Matz Modeer har laga denne stolen, som er ei dronning verdig! Med trevirke frå eigen skog, skåren på eigen sag med kvartersagingteknikk (sjå biletet) som gjer at treverket ikkje “slår seg”, 3 uker tørking i eiga tørke – og så stolen utforma etter eigen teikning. Trevirket hadde 50% fuktigheit før tørking, møbeltørt reikast til ca. 8%, etter tørking hadde dette trevirket mindre enn 5% fuktiheit. Stolen, setet, er anatomisk forma og veldig god å sitja i, kjennes faktisk “mjuk” ut, utan anna polstring enn ein har sjølv! Finishen er 3 lag båtlakk, så fint lakka med pensel at det kjennest ut som den er fabrikk-lakkert. Stolen er ei openbering, og no planleggjar Matz ein stol til, litt meire “maskulin” i utforminga, fortel han. Kva er det ikkje huglarar kan og vil!
Ingen synlege spikrar her!