Denne er vel ikkje heilt vanleg på Huglo? Det er ei vannspissmus, den største av spissmusartane. Dei lever, som namnet seier, i og nær vatn, og dei er gode symjarar: Ei slik lita mus kan symja 1/2 meter i sekundet. Dei sym med bakføtene, og halen har ein “kjøl” av stive pelshår som dei styrer med. Er det fleire som har sett vannspissmus på Huglo?