NB! Ny info! Årsmøte Huglo Bygdelag
Grunna endring i smittevernreglane vil det no vere mogleg for alle interesserte å møte opp på årsmøtet i bygdelaget. Vel møtt fyrstkomande torsdag 25.02.21 kl. 19.00 i gymsalen. Styret
DetaljarGrunna endring i smittevernreglane vil det no vere mogleg for alle interesserte å møte opp på årsmøtet i bygdelaget. Vel møtt fyrstkomande torsdag 25.02.21 kl. 19.00 i gymsalen. Styret
DetaljarPer Egil melder at møtet for NMS på søndag 28.februar er utsatt. Ingen ny dato er bestemt.
Von Nr 18 Onsdag 17 mai 1933 13årg Frå Nordhuglens vindmøllestasjon Etter at arbeidslivet har lege nede i lengre tid her på Huglo er det no ei ljosning å merka. Både innan byggeindustrien og skipsfartens område er det no betydeleg framgang og betring. Den kjente finansmann bankier Erling Tveit skal soleis upp med ein skyskrapar.…
DetaljarDiktet nedanfor er henta frå VON nr. 6, 12 årgang, sundag 1.mai 1932. Underteikna til diktet står “kronblomen”, diverre veit me ikkje kven dette er, men at det er eit flott dikt, det skal vere sikkert. Smil Smil til folk og smil til krøter. Smil til alle som du møter Smil til høge, smil til…
Detaljar“Det er ikkje gull alt som glimrar”, men det er mykje gull i arkivet på huglo.no. I tider med lite sosial kontakt og samankomstar er det godt å minnast på at det kjem ei tid for dette. Her er eit tilbakeblikk frå ein hyggelige dag med sosial kontakt. Innlegget er frå 2010, der me nett…
DetaljarTid: 21. februar kl. 15.00 Stad: Ute ved skulen Saker: Årsmelding, rekneskap, val, ymse Vel møtt! Styret
DetaljarMøtet, som var planlagt til 16.d.m., er utsatt til tysdag 1. juni. Vanleg grunn.
Grunna gjeldande restriksjonar for gjennomføring av arrangement vert heller ikkje årsmøtet gjennomført slik me vanlegvis gjer det. Styret ynskjer likevel å gjennomføre årsmøtet som planlagt. Det vil bli påmelding til årets årsmøte. Dersom du ynskjer å delta på årsmøtet sender du mail til huglobygdelag@gmail.com. Her vil “først til mølla” prinsippet gjelde då det er restriksjonar på…
DetaljarDet har kome ynskje om at me utsett Eldretreffet som skulle ha vore på komande onsdag, den 10., til virussituasjonen i kommunane rundt Bergen er roligare. Og då gjer me sjølvsagt det. Me kjem tilbake med ny dato når nedstenginga vert mindre streng.
Årsmøte i Bygdalaget den 25.februar 2021. Nærare info om evt påmelding og gjennomføring kjem fortløpande. Me minnar også om lotteriet: Bygdalaget har mange oppgåver, som å ta vare på skulebygget, utleiebustaden (tidl. barnehagen), fellesareal, og så er bygdalaget pådrivar for saker som gjeld Huglo (t.d. fastlandssambandet), minner styret oss om. Styret seier at laget har mange…
DetaljarInntil skrivande stund er det ikkje observert eit einaste lite virus på Huglo. Så no prøver me å arrangera eit eldretreff igjen, med alle smittevern i tankane. I skulestova er det ikkje noko problem å halda ein meters avstand. Me kokar koppane, men vil du vera ekstra på den sikre sida, kan du jo ta…
DetaljarJanuar 17.: Gudsteneste avlyst Januar 21. Indremisjonen Februar 14. Gudsteneste Februar 16: Kristen muslimmisjon Februar 28,: NMS Sunnhordlandsaksjonen Mars 04.: Indremisjonen Mars 25.: Indremisjonen Mars 28.: Gudsteneste April 11.: Gudsteneste April 29.: Indremisjonen Mai 09.: Gudsteneste…
DetaljarOgså dette halvåret vert det utlån av vaksenbøker på skulen, biblioteket sine og bøker bibliotekfilialen har fått til uforpliktande utlån frå private. Det er kome inn litt ny krim-litteratur. Det vert utlån desse torsdagane: Januar 14. og 28. Februar 11. og 25. Mars 11. og 25. April 8. Trufast…
Detaljarhuglo.no ynskjer alle lesarane sine eit år med mykje glede, eit år me kan vera saman med dei me helst vil vera med, når me vil, 365 friske dagar og mykje anna enn corona å snakka saman om! Men førebels er Eldretreffet andre onsdagen i januar, den 13., utsett inntil vidare. Har nokon gamle skulebilete…
DetaljarHuglo idrettslag oppmodar alle brukarar av styrkerommet om å møte opp for vask og diverse vedlikehald onsdag den 30. desember kl. 17.00. Nokre frå styret vert med med for å organisere. Vel møtt.
Det vert to gudstenester på Huglo i år, ei kl 12.45 og ei 13.45. Alle som vil delta, må melde seg via sms til Per Egil Sæter på tlf. 467 82 767 frå kl 12.00 mandag 21.desember. Meldinga må inneholde namn på alle som skal vera med. Velkomne!
DetaljarDet vert Eldretreff i skulen 9. desember kl. 15 – 17. Sjølvsagt held me 1 meters avstand og ingen møter hostande og snufsande, dei som er hostande, får lesa referat på huglasido. Gruppa som arbeider med gamle skulebilder, er godt i gang, og vil gjerne visa fram resultatet så langt. Me ber om at alle…
DetaljarTrass i alle restriksjonar vart det ei lita høgtid over markeringa av start på adventstida på Huglo, kanskje meir enn vanleg. Huglarane viste seg glade for at denne tradisjonen framleis sto ved lag, og med klårt, roleg ver var og forutsetnadene gode. Heile 9 musikantar gav oss julesongane, gløggen var god og folk hadde tid…
DetaljarJulegata vert opna, og det vert tenning av julegrana på fredag, 27.d.m. kl 16.30. Samstundes vert det óg markering – snorklypping – for det nye tankingsanlegget! Som tradisjonen tilseier, vert det korpsmusikk, og servering av gløgg og pepperkaker. Men: Av smittevernhensyn vert det ikkje høve til å gå inn i Huglabutikken og varma seg, butikken…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.