GUDSTENESTE
Det vert GUDSTENESTE julafta kl 1445 i i Huglo Bedehus-kapell. Sjå nærare info i Kalender
DetaljarDet vert GUDSTENESTE julafta kl 1445 i i Huglo Bedehus-kapell. Sjå nærare info i Kalender
DetaljarBrøytemannskapen på Huglo har allereie logga fleire turar over øya i løpet av laurdagen. Bladet Sunnhordland oppmodar alle om om å trø varsamt på glatta og brukar broddar. Ein kan vera vonbroten over kommunen sine prioriteringar i det siste, men det er i det minste fint at ein kan hente seg strøsand i eiga bøtte i…
DetaljarDet kimer nu til julestemning! Kanskje verdas minste julegate, men så er ho jammen tettpakka med hygge og kos. I morgon lokkar yr.no med eit lite snødryss, som kanskje lokkar fram endo meir julestemning. Ta turen innom verdas kanskje koslegaste julegate. Korpset bidrog med julemusikk, og dei frammøtte fekk pepperkaker og gløgg i koppen.…
DetaljarLaurdag 16.desember vert det julakonsert i bygdehuset klokka 15.00. Samarbeidskorpset Huglo-Onarheim er godt i gang med førebuinga. Det vert tradisjon tru rom til både allsang, julestemning, enkel utlodding, kaffi og kaker. Som eit ekstra musikant krydder på konserten får me besøk av Harald Rydland, Lisa Instefjord og vener. Vel møt til ein triveleg ettermiddag.
DetaljarOnsdag 6.desember vert da eldretreff med julabord i Bygdahuset kl 1500. Påmelding til Eline, Eli eller Åse, seinast laurdag 2.desember.
DetaljarNormal drift i ferjesambandet jektevik-nordhuglo-hodnaneset fredag morgon. Ferja har vore innstilt sidan torsdag kveld. Første melding om driftsproblem kom torsdag klokka 18.04. Det var ikkje avgangar til eller frå Huglo før fredag 07.15, med reservefartøyet Lifjord. Huglo.no vonar at dette ikkje fekk store følger for våre fastbuande og tilreisande, med von om at det ikkje…
DetaljarHøyrt ‘an før? Dirigent Trent Brune Pianist Irene Simonsen Huglo kapell laurdag 25.november k 1530 Bilett kr 200
DetaljarDet vert eldretreff onsdag 8.nov kl 1500 i Huglo Bygdahus Alle varmt velkomne! Helsing Åse og Sigrunn
DetaljarOm lag 20 personar møtte fra til Haustmøte i Huglo Bygdalag 25.10.2023 Referat frå haustmøte i Huglo Bygdelag Stad Huglo bygdahus Møtedato/tidspunkt 25.10.23 Referat Huglo Bygdelag Til stades Om lag 20 stk. Referent Sigurd Huglen Sak: Ansvar: 1.Orienrtering – kva har HBL jobba med frå årsmøtet. – Styremøter. Hatt 6 styremøte. …
DetaljarTurorienteringa for 2023 er no over. For å få merke (bronse, sølv, gull) må registreringskontoret leverast til Øyvind Sortland.
DetaljarÅrets Huglamesse vart godt besøkt, og bra med folk innom for å sjå og kjøpa. Det var 14 utstillarar som viste fram og selde ulike heimelaga produkter, og folk kosa seg med kaffi og kaker innimellom. Vel gjennomført til Huglo Bygdekvinnelag!
DetaljarLaurdag 21. oktober er det tid for Huglamesse. Messa er i Huglo Bygdahus, frå kl. 12.00 – 15.00. Der blir det mogleg å kjøpe flotte og varierte produkt frå mange utstillarar. I tillegg blir det sjølvsagt kafè. Her ligg det til rette for ein perfekt start på julehandelen og ei sosial stund. Håpar å sjå…
DetaljarDet vert sjølvsagt Eldretreff kvar 2. onsdag i månaden framover, dei to fyrste er 13.september og 11.oktober. Til samlinga 11.oktober har kulturkontoret i Stord kommune lova rapport om kva som har vore gjort og skal gjerast med karta med alle dei sers lokale namna med hadde som prosjekt hausten 2022 og våren 2023. Skal me…
DetaljarI samband med nært foreståande kommune- og fylkesval vert det halde politisk folkemøte på Huglo. Alle partia i stord kommune er inviterte. Stad: Huglo Bygdahus – 2.etg Dato/tid: Onsdag 30. august kl 19.00. Velkomen. Arr.: Huglo Bygdalag
DetaljarMe var alle spente på resultatet etter den store basaren til inntekt for oppgradering og drift av Huglo Bygdahus. No er alle Vippsane registrert og kontantene telt opp. Og resultatet er kr. 65.500,-. Per Egil meinte det måtte vera 150 personar tilstades, med alt frå spebarn til eldste innbyggar på Huglo. Då vert det ca. kr…
DetaljarHuglo si heimeside kom til som ein del av Liv og Lyst- prosjektet (i 2010, så lenge sidan!), som eit forsøk på å setja Huglo på kartet. Sida vart etter det ein del av Huglo Bygdalag sitt arbeide, og statistikken syner at sida har mange lesarar. huglo.no har som føremål å formidla det som skjer…
DetaljarI siste liten starte me på Eldretreffet med å samla desse gamle lokale namna. Og dei som hadde særleg god kunnskap på feltet, blei også kontakta direkte. Resultatet er godt og vel 600 namn på stein og haugar avmerkte på Huglakartet. Nå vert karta og listene med namn leverte på Stord kommune sitt kulturkontor til…
DetaljarSjølv om været eigentleg freista til uteliv, var frammøtet på basaren til inntekt for bygdahuset formidabelt. Per Egil sa ca 150, og han er jo ein mann me stolar på. Massevis av gevinstar hadde komiteen fått inn, det måtte to åresalg til, og enda var dei finaste gevinstane spart til trekning av loddsalg på 7 (!)…
Detaljar18 personar løp og eller gjekk Varden opp i strålande sol – men tildels særs vått underlag. Flott innsats av alle! Besteresultatet lå nokre minuttar bak gjeldande rekort, det var Birk Elde som løp til topps på tida 19.27. Damene var ikkje langt bak, fyrst av dem var Mathilde Caldwell med tida 22.19. Av barna…
DetaljarDet trengs pengar til å rehabiliterra og vedlikehalde Huglo Bygdahus! Og kanskje få bygningen i stand så den kan leiast ut til t.d. leirskule, eller overnatting for interesserte grupper? Til dette føremålet vert det arrangert basar i gymsalen laurdag 29. juli kl 15.00 Til dette trengs det gevinstar! Har du ltsy til å bidra? Lever…
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.