Julegudsteneste
I morgon, julaften, er det familiegudsteneste i Huglo kapell kl. 14.45. Velkomen til ein høgtidsstund som start på julaften!
DetaljarI morgon, julaften, er det familiegudsteneste i Huglo kapell kl. 14.45. Velkomen til ein høgtidsstund som start på julaften!
DetaljarNo er småfuglane glade for å verta invitert til etegilde! Dei treng å eta 7 – 9 gonger si eiga vekt kvar dag. Det er ikkje lett no i kulda. Og på Huglo kan me mata fuglane utan å tenkja som dei må i bystrøk: at dei samstundes matar rottane. For på Huglo finns det…
DetaljarOg plutseleg kom ikkje M/F Folgefonn, men Hardingen. Kva no? Jo, Folgefonn var på verkstad. Kvifor denne gangen? Same grunn som sist. Og det var? Lekkasje ved akslingen. Jaha.
Samarack må ha meg unnskylt, at eg siterer han med ein liten vri. I ein stappfull gymsal opna Huglo Skulekorps (som spelar i klassen generasjonskorps) konserten med ein Jubileumsmarsj. Særs høveleg, for i salen sat 80års-jubilanten Sigrunn. Elles var, som vanleg på Huglo, alle generasjonar til stades, frå 4 månader til eldstemann 88 år. Jubileumsmarsjen…
DetaljarIver, gode idéar og arbeidsglede for å laga fin julepynt prega juleverkstaden Huglo Bygdekvinnelag arrangerte i dag, sundag. Både barn og vaksne kosa seg med å laga eigen julepynt, og to gryter med julegraut var tome før oppryddinga. Dette må me gjenta neste år! . .
DetaljarTradisjonen tru arrangerer Huglo skulekorps julekonsert i skulen i starten av desember. Årets konsert vert sundag 9.deseber klokka 16.00 i skulen, det vert åresal, kaker og kaffi. Korpset spelar og songlaget stordabuen syng. I år kjem også Endre og Jan Tufteland og speler på fløyte og marimba. Vel møtt til julekonsert! Me kan nesten garantere god…
DetaljarMeir enn 50 huglarar, godt over halve folketalet, trossa regn og vind og møtte opp for å opna verdas kortaste julegate. Då hadde Oddvar allereie i ein time prøvd å få skikkeleg fyr i omnen med altfor god trekk. Det så eit bel stygt ut for gløggen, men litt anna skulle skje før den. Då…
DetaljarHuglo Bygdekvinnelag innbyr alle, små og store, til juleverkstad 2. desember, i søre skulestova. Me startar kl 13 og avsluttar ca. kl. 16. Bygdekvinnelaget har noko materiale, men det er fint om du tar med deg noko sjølv òg, og reidskap du vil nytta. Me byr på graut og rød saft. Hjarteleg velkomen til ein…
DetaljarDet vert inga julegate og tenning av tre og gata dersom ingen gjer dugnadsarbeidet på førehand! Her er bilethistoria frå onsdag morgon:
Tradisjonen tru vert det også i år opning av julegata vår fredag før 1. søndag i advent, kl. 16.30. Juletreeet vert tend, korpset spelar og det vert fyr i omnen som kokar gløgg. Hjarteleg velkomen til denne fine starten på adventstida!
DetaljarLaurdag deltok Huglo skulekorps på “bømloblåsen”, konkurransen vart arrangert i Bømlo kulturhus. Lokalavisa “bømlo-nytt” skreiv før helga at det var rekordpåmelding til årets konkurranse med 11 påmeldte korps. Huglo skulekorps deltok i klassen “generasjonskorps” og vart best i sin klasse! Me gratulerer Huglo skulekoprs med ein flott innsats, det var kjekt! Delar av programmet frå…
DetaljarTradisjonen tru arrangerer Huglo skulekorps julekonsert i skulen i starten av desember. I år vert det søndag 9.desember. Songlaget storabuen med fleire deltek og me kan nesten garantere god julestemning! Hald av datoen, meir info kjem.
DetaljarFerja Folgefonn har no i fleire dagar gått fram og tilbake i fjorden og lista seg inn i ferjestø både på Hodnanes, Jektevik og her på Huglo. Utan å vera i trafikk. Dei som meiner dei har greie på det, seier at ho trenar på å gå inn i hamn på autopilot! Og sidan…
DetaljarStikkord frå haustmøtet til Huglo bygdelag 08.11.18. – Gjennomgang av saker som har vore til handsaming. Driftsstyret orienterer om deira arbeid. Sosialt innslag ved Johanne Øvstebø Tvedten. Mat og kaffi Styremøter. Styret har hatt 6 styremøter Vegen til Vikasanden var i dårleg stand. I samband med opparbeiding av nausttomt ved Vikasanden har…
DetaljarGanske forskrekka mottok me meldingen om at det ville verta “fartøybyte” i sambandet vårt i føremiddag. Me skulle få Hardingen! Der ser ein ikkje kor ein er før lemmen er lagt ned så høge er veggane, og skal ein vera sosial, er det omtrent 100 trinn i oppoverbakke før ein er i salongen. Men heldigvis,…
DetaljarOmnshuset var denne gangen ramma om eit sers vellykke og hyggeleg haustmøte i Huglo Bygdalag. Både eldste fastbuande huglar og den yngste var tilstades og fekk oppleva Johanna Øvstebø Tvedten fortelja og dramatisera Jens Tvedt sine to bøker Madli under apalen og Guds løn. Ein utruleg flott framstilling som me kjem til å hugsa lenge!…
DetaljarHuglabutikken blei denne veka kåra til årets nærbutikk i Hordaland! Dette synest me er utruleg kjekt og me gratulerar Wenche og alle andre som legg ned mykje god innsats og tid i butikken. – Huglabutikken har tipping, drivstoff, pakkeutlevering, utkøyring av post og gjestehamn med dusj, toalett og vaskemaskin. I tillegg sel butikken lokale…
DetaljarVår blide bibliotekar, Åse, minner om åpningstidene for resten av hausten: onsdag 7. november NB ikkje torsdag torsdag 22. november torsdag 6. desember alle dager frå klokka 18 til 19 på Huglo skule, øvre inngang. Du kan bestilla bøker frå hovudbiblioteket på Leirvik og få bøkene sendt med internposten til Huglo. Hugs å sikra deg…
DetaljarBokbåten klappar til kaien på Sørhuglo kl 10.30 og vert liggjande til kl 12.00, 10.11.18. Dei som har besøkt båten tidlegare, veit at han har med seg eit imponerande utval av bøker for einkvar alder og smak. Og så har båten alltid med seg eit kulturprogram. Denne gongen får me på Huglo innblikk i norrøne…
DetaljarHuglo Bygdelag inviterar til haustmøte torsdag 8.november kl. 19.30. Haustmøtet vert halde i Ovnsmuseet. Program: Gjennomgang av saker/arbeid styret og driftsstyret har arbeida med. Kulturelt innslag v/ Johanne Øvstebø Tvedten. Mat og kaffi. Velkomen! Arr. HBL
DetaljarThis website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.