Kven saknar meg?

Denne fine pusen har den siste tida gått omkring på Nordhuglo,  veldig svolten, pratsomt mjauande på litt avstand, men for sky til å la seg klappast.  Dette er ikkje ein villkatt, den er van med å få maten servert, men av kven? Eigaren kan kontakta Hedvig, tlf 41334436.  

Detaljar

Blomesal på Huglo

Øystein Krossgått kjem med blomebilen til Huglo.  Det vert sal av blomar på kaien på Nordhuglo laurdag 14. og 28. mai frå kl. 9.15.  Øystein er utdanna gartnar,  han driv Ekornsæters Gartneri, og han gjev gjerne råd om ein ynskjer hjelp.  Til Huglo tek han med seg eit godt utval i sumarblomar, stauder, roser, buskar…

Detaljar

Den Store Ryddedagen

              SIM melder at tilbodet til alle som bur på Huglo om å kvitta seg med gamalt skrot i år er laurdag 30. april kl- 9.30 – 12.00.  Som vanleg vert oppsamlingsstaden ferjekaien på Nord-Huglo. SIM tek imot elektronisk avfall, kuldemøblar og farleg avfall, og anna avfall som ikkje…

Detaljar

Turorientering 2016

No er postane for 2016 på plass!  Me kan sjå fram til mange fine og spanande turar.  I fjor var det 191 postleitarar som hadde namnet sitt i glasa, og heile 25 personar hadde leita opp alle dei 25 postane.  Dette er tydelegvis ein god motivasjon for å koma seg ut på tur og få…

Detaljar

Dugnad i skulen

          Driftsstyret i Huglo Bygdelag inviterar til dugnad torsdag 17. mars frå kl. 19:00 – 21:00 i Huglo skule. Dugnaden omfattar bl.a. vurdering av objekt som skal på sal/ utlodding og utvask av romma som er rydda. Vel møtt!

Detaljar

Dugnad

            Driftsstyret i Huglo Bygdelag inviterer til dugnad tysdag 23. februar frå kl. 19:00 – 21:00 i Huglo skule. Dugnaden omfattar særleg rydding av sløydsal og lærarromma i Huglo skule. Vel møtt!

Detaljar