Basar i bedehuset

Store og små møtte opp då Huglo santalforeining arrangerte basar i bedehuset fredag ettermiddag. Mange hadde gitt gevinstar, og alle kjøpte lodd. Som vanleg var det mykje god mat! Aud Else Vesetvik frå regionkontoret var på besøk. Ho viste bilete og fortalte om misjonsarbeid i Bangladesh. Foreininga er svært nøgd med basaren sidan dei fekk…

Detaljar

Huglamesse

Hugs Huglamessa Bygdekvinnelaget arrangerer i oktober! Stort mangfald gjer ei god messe, anten du lagar noko i matveien, smykker, kort, handarbeide, eller noko heilt anna ingen har tenkt på før . . . . Påmelding til: Sissel Haukanes, tlf 53495625 Eline Bruntveit, tlf 53495633

Detaljar

Treningar 2010/2011

No er ferien over, og frå og med onsdag 24. august startar me opp igjen med treningane. Me håpar at desse tidene passar, og at både små og store vil være med på treningane til Huglo idrettslag! Onsdag: Kl. 17.00 til 18.00: Småtreninga. Frå 5 år til 5. klasse. Ansvarlege er Ingvild Eikeland og Vegar…

Detaljar

Huglo skule

Skulen vår overlevde rådmannen sin budsjettrevisjon, og er framleis ein sjølvstendig skule. Og i år fekk skulen ny rektor. Laila Føyen har vore lærar på skulen i fleire år, så ho kjenner til korleis ein så liten skule er i kvardagen. Veteranlærar Kari er her framleis, og så Silje Kjerpeseth som kom i fjor. Skulen…

Detaljar

Sigmund på tur

Me kjem her med ein ny konkurranse for store og små. Sigmund, den uunværlege væren til Engeline Margrethe, har hatt seg ein liten tur på eiga hand. Dersom du ser kvar han har vore, sender du ein mail til post@huglo.no innan 2.september. Har du gissa rett er du med i trekkinga av flaxlodd. Bilete1: Bilete…

Detaljar

Bilete frå sommaren 2010

Sommaren 2010 er over og dei aller fleste av oss er tilbake i kvardagen. Til tross for litt ymse vêr og badetemperaturar vonar me at alle har hatt ein fin sommar. Her kjem ein bileteserie frå sommaren 2010. Har du eit bilete frå sommaren på Huglo du synest passar inn og du har lyst å dele…

Detaljar

Sjølvplukk!

Mange har spurt om å få frø av dei store, raude valmuene i hagen til Nordhuglo 5. Gartnaren sier ja, her er det fritt fram, berre plukk frøhamsane. Ein til kvar skulle rekkje langt. Det løner seg å venta til hamsane ser litt brunaktige ut, då er frøa mogne. Ikkje til innvortes bruk!

Detaljar

NRK til Huglo

– “Huglo er ei lita øy i Stord kommune. Her bur det omlag 110 menneske som er avhengige av ferje for å koma av øya. Men dei trivst på Huglo, mykje takka vera dugnadsånda som rår der.” – nrk.no Kanskje har du gløymt, eller kanskje du aldri fekk med deg at Huglo var på TV.…

Detaljar

Varden opp!

I eit ufyseleg sommarvær var det bra med folk som tok turen til Varden søndag 1. august. 20 sprekingar i alle aldrar sprang opp på tid, medan omtrent like mange valde den litt meir behagelege varianten, å gå opp. På toppen venta velfortent heider, brus og bålkaffe. Kjempebra innsats alle saman! Resultat kvinneklasse: Hilde Eikeland…

Detaljar