Du kan laga gelèen av berre rognebær, sjølv likar eg like delar friske, faste epler og rognebær. Brukar du berre bær, kan det vera lurt å leggja bæra i frysen eit døgn, så vert smaken mildare. Eg kokar frukten i saftkokaren, men sjølvsagt kan du nytta gamlemåten med silklede. Eg hugsar mor mi bandt silklede over beina på ein snudd kjøkenkrakk, med eit kar under til å fange opp safta.
Vil du koka i panne og sila etterpå, treng du 2 dl vatn pr. kilo frukt/bær. Kok forsiktig/la trekke under lokk til fruktmassen har saftet seg, skifta farge og har falt saman, og hell i silklede. Det kan godt hengja over natta, ein time er i alle høve naudsynt. Mål saften, ha tilbake i panna og varm opp. Rør inn ca. 900 gram sukker pr. liter saft til sukkeret er oppløyst, og la saften småkoka uten røring (!) i eit par minutter. Ta gelèprøva: Ha et par dråpar av safta på ein kald tallerken og la prøva verta kald. Er det då gelè avsluttar du kokinga og fyller gelèen på varme små glas (for å få glasa sterile, kan du ha dei i steikeovnen på 110 grader i nokre minutter saman med lokka). Vil du nytta syltevoks, ventar du til gelèen er kald, held på smelta syltevoks og legg i ein bit bomullshyssing, så vert voksen lettare å fjerna.
Dette er ein superidè til venninnepresang, det er min erfaring!