Onsdag var det som kjent ei tragiske ulukke på sjøen utafor Jektevik, der ein båt kvelva og to mann havna i sjøen med fatalt resultat for den eine av dei. Ferja Utstein var på tur til Hodnanes med bilar og passasjerar. Ombord var Harry Brandvik, erfaren, pensjonert kaptein frå HSD, ein roleg kar som ikkje seier for mykje. Men no skryt han uhemma av kor profesjonelt og raskt mannskapet på Utstein handla då dei oppdaga dei to i sjøen og i alt vidare arbeide. Midt i sorgen: Slikt står det respekt av!
Del dette innlegget