Skillingsbollar
1 pk. fersk gjær
1 dl.sukker
1 ts. bakepulver
1 ts. kardemomme
100 gr. margarin
1,5 dl. mjølk
1,5 dl. vatn
7-8 dl. kveitemjøl
Bland alt det tørre i ei stor skål. Smelt margarinen og ha i mjølk og vatn. Når blandinga er ca. 37⁰C, kan gjæren blandast i. Hell det over det tørre, og elt det godt saman. La deigen stå på ein lun plass og heve seg til dobbel storleik. Kjevle deigen ut til eit rektangel, og smør eit tynt lag med smør på. Strø deretter sukker og kanel over deigen før den rullast saman til ei lang pølse. Del opp i passeleg store emner, og set dei på ei bakepapir kledd langpanne. Etterhev i ca. 20 min.
Steik bollane på 225⁰C i ca. 10 min. på midterste rille.