Når tre sporty damer går tur, og i tillegg møter postdamevikaren på vegen, då blir det lagt planar. Resultatet denne gangen var sytreff med symaskin. Me ivra alle etter å ta i bruk symaskinsertifikatet me så ivrig trente til i håndarbeidstimane på skulen. Lillian hadde husrom til oss alle, og symaskinane våre. Ein dato blei lagt inn i timeplanane våre, og me ivra heim for å tørka støv av vidundera som skulle hjelpa oss til å få draumane våre om heimalaga og fantastiske kreasjoner realisert. På fyrste møte var det idemyldring med blaing i symagasiner og bøker, me kunne mest ikkje venta med å setja i gang.
Rykte gjekk, og allereie før me hadde samlast for å sy, hadde heile tre andre meldt si interessa. Kjempekjekt når så mange har lyst og anledning til å sitja å sy ein måndagsføremiddag. Syerfaringa til nokre av oss er vel så som så, og då er det godt at me har vår eigen mentor, nemleg Turi;-) I tillegg til sine eigne prosjekt, hjelper ho oss med våre.
Dagen kom, og me pakka i bilane og møtte i nybygget til Lillian. Heile seks damer, fem symaskiner, ei jenta med tegnesaker og ei barnevogn med ein kvilande gut. Bord kom på plass, skøyteledning og padder, og sjølvsagt vannkoker og te. Det vart slik som me hadde sett for oss. Ein kjempekjekk føremiddag i godt lag, med summande symaskiner, litt drøs, litt barnegråt, tedrikking, utveksling av kunnskapar, og påfyll med inspirasjon til framtidige prosjekt.
Er det nokon som set heima med ein symaskin, og som tenkjer at dette vil dei vera med på ? Hiv deg i rundt og møt opp no fyrst kommande måndag. Du er velkommen! Har du spørsmål kan du ta kontakt med Turid 53415292, Ragnhild 41327082 eller Hege Elin 53495936.
Skulle gjerne vært med, siden symaskinen allerede har væt fremme i disse julepresangtider…..
ALLE er Velkommen Ta med strikketøy eller brodering hvis du ikke har et syprosjekt akurat nå :-) kom å ta en prat med oss,vi sitter der hver Mandag fra kl 9.30 til ca 13-13.30 :-)