Den gamle tanken vart gravd opp – heil og fin, men gått ut på dato.
Så kom den nye frå Polen på land på Huglo, og den svære polske traileren greide å kjøyre den til fabrikken. , Underlaget som krevs til denne vart støypt i botn av holet. Oppå der skal den nye tanken liggja på ein gummimadrass. Men dette er spanande: Den gamle tanken hadde ein diameter på 150 cm, den nye er over 2 meter. Og høgre opp enn blomebedet som var oppå den gamle tanken, må heller ikkje den nye gå.
Det er meininga at den nye tanken skal leggjast ned på tirsdag. Me held pusten.