eller omvendt? I alle fall var det imponerande kva dei to korpsa, Onarheim Musikklag og Huglo skulekorps, fekk til når dei slo seg saman! Huglo skulekorps stillar som regel 11 – 13 musikantar, no var dei 28 samla, og med fullt mannskap er samarbeidskorpset 35! Og både den felles dirigenten, Nick Hughes, og musikantane verka engasjerte og glade for samarbeidet. Me vil tru dei kjem til å gjera det bra på Hordablæsten!
Assisterande dirigent viste stor innleving i musikken
Og som elles på Huglo, var det gode kaker og kaffe og tid til drøs, innimellom 3 omgangar med årar, og sirkulerande basarbok. Fine gevinstar og mange glade vinnare! Og då alt var over, kunne musikantane glede seg over å vera verdsatte av publikum: Dei hadde lagt igjen innpå kr. 25.000,- !
Leiinga for korpset takkar og gler seg over støtten frå alle som kom og kjøpte lodd og slik viste at dei sett pris på korpset og arbeidet dei legg ned i øving og tid. Og huglarane på si side viser at dei set stor pris på eit slikt pluss for miljøet på Huglo.