Laurdag 19.november klokka ti møtte det morgenfriske musikantar på skulen, klare til ein heil dag med musisering. Målet for denne maratonøkta var den årlege basaren til korpset på søndagen.
Midt på dagen byrja konsentrasjonen å svikta, notane haldt seg ikkje på rette linja og b blei til kryss, og magen romla. Alle var enige om at noko måtte gjerast. Heldigvis tok Albert ansvar og gjekk på kjøkenet og kokte graut til heile bunten. Dei unge musikantane dekka bordet, blanda saft, fann fram sukker, kanel og smørauga. Det var tydeleg at me alle trong litt vomfyll.
Etter mange timar med øving, øving og atter øving, var humøret framleis på topp hjå dei unge musikantane. Dette lovar bra for framtida til Huglo Skulekorps !